Ad hoc-hypotese

Ad hoc-hypotese er ein hypotese som har som einaste formål å redde ein annan hypotese eller teori når ein må forklare data som motseier den opphavlege teorien.[1] Ein ad hod-hypotese vil korkje gjere teorien enklare eller føre fram til nye forutseiingar, men konstruerer påstandar som gjeld berre i dette eine særtilfellet for at teorien likevel skal stemme overeins med observasjonane. Sjølv om det ofte vil vere best å revidere teorien, hender det at ein ad hoc-hypotese syner seg å vere den rette forklaringa, det er altså ikkje alltid ein veg utanom.

KjelderEndra

  1. Tjønneland, Eivind (18. mars 2021). «ad hoc-hypotese». Store norske leksikon (på norsk bokmål).