Adam Oehlenschläger

dansk poet

Adam Gottlob Oehlenschläger (14. november 177920. januar 1850) var ein dansk romantisk forfattar av dikt og skodesepel. Han har mellom anna skrive den danske nasjonalsongen «Der er et yndigt land» og diktet «Guldhornene», som blir rekna som sjølve programdiktet for nordisk romantikk.

Adam Oehlenschläger

Statsborgarskap Danmark
Fødd 14. november 1779, 1779
København
Død

20. januar 1850, 1850 (70 år)
København

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, skribent, sjølvbiograf, librettist, universitetslærar, songtekstforfattar
Medlem av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Ludlamshöhle
Far Joachim Conrad Oehlenschläger
Ektefelle Christiane Georgina Elisabeth Öhlenschläger
Born Marie Louise Oehlenschläger
Signatur
Adam Oehlenschläger på Commons

Romantikar endre

Adam Oehlenschläger var son av ein organist i Frederiksberg.[1] I 1802 vart Adam Oehlenschläger introdusert for den tyske romantikken via den danske filosofen Henrik Steffens, som forøvrig var fødd i Noreg. Steffens og Oehlenschläger hadde ein over 16 timar lang samtale saman som inspirerte Oehlenschläger til å skriva diktet «Guldhornene». Diktet handlar om dei to eldgamle Gallehus-horna, med innskrift på urnordisk språk. Horna hadde vorte oppdaga etter år 1630 i Danmark, men hadde nyleg vorte stolne, noko som vert tematisert i diktet av Oehlenschläger. «Guldhornene» vert i dag rekna som det fyrste meisterverket frå dansk romantikk; perioden som går under namnet den danske gullalderen.

Same året debuterte Adam Oehlenschläger med Digte 1803, der «Guldhornene» var inkludert. I diktsamlinga tok han med fleire lyriske dikt, samt dramaet Sanct Hansaften-Spil. I desse åra var han ein svært produktiv diktar, og fylgte opp med Poetiske Skrifter (1805). Det mest kjende verket frå denne diktsamlinga er dramaet Aladdin - eller Den forunderlige Lampe, som er tydeleg inspirert av eventyrsamlinga 1001 natt. I Nordiske Digte (1807) nyttar Oehlenschläger motiv frå norrøn mytologi og kongesogene i episke dikt og to tragediar. Den mest kjende av tragediane er Hakon Jarl hin Rige.

Deretter, då den livskraftige ungdomstida var over, var det slutt for produktiviteten hans Oehlenschläger. Det vart også vanskelegare kår for diktarane no, i og med at England gjekk til åtak på København i Napoleonskrigane. Tragedien om Håkon Jarl vart likevel mykje lesen i Noreg seinare på 1800-talet, særleg i skulen. I 1809 vart Oehlenschläger professor i estetikk ved Universitetet i København.[2]

Oehlenschläger gifte seg med Christiane Heger i 1810, og fekk fleire born. Han gav ut nokre fleire romansesyklusar i åra som fylgde, men er mest kjend for å ha skrive teksten til «Der er et yndigt land» i 1819.

Oehlenschläger døydde i 1850, kort etter syttiårsdagen sin, og er gravlagd i heimbyen Frederiksberg.[1]

Verkliste endre

  • Digte 1803 (1802)
  • Poetiske Skrifter (1805)
  • Nordiske Digte (1807)
  • Helge (1814)
  • Hroars Saga (1817)
  • Nordens Guder (1819)
  • Ørvarodds Saga (1841)
  • Dina (1842)
  • Kjartan og Gudrun (1848)
  • Erindringer to bind, (1850-1851)

Kjelder endre

  • Fidjestøl, Kirkegaard, Aarnes, Aarseth, Longum og Stegane: Norsk litteratur i 1000 år (1996), LNU, s. 201-202: Adam Oehlenschläger. Dette avsnittet er skrive av Peter Kirkegaard.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Adam Oehlenschläger ved Wikisource (da).