Ein dramatikar er ein forfattar av drama eller dramatisk litteratur, det vil seia manuskript til teaterstykke, film, fjernsyn, radio eller liknande. Dramatikarar som skriv for film eller fjernsyn blir gjerne kalla manusforfattarar, mens dei som skriv høyrespel kan kallast høyrespelforfattarar. Ein dramatikar samarbeider ofte tett med ein instruktør, regissør og/eller dramaturg undervegs i utviklinga av eit stykke.

William Shakespeare (1564-1616) er ein verdskjend engelsk dramatikar.
Henrik Ibsen (1828–1906) er den best kjende dramatikaren frå Noreg, og blir framleis framført over heile verda.

Dei fleste dramatiske verk er skrivne spesielt for å framførast av skodespelarar, men kan også vera lesedrama som ikkje er meint for oppføring. Dette kan vera skjønnlitterære forteljingar eller dikt skrivne på ein dramatisk måte, for eksempel med teksten sett opp som replikkar.

Kjende dramatikarar

endre

Kjelder

endre