Adamstuen er eit bustadsstrøk sørvest for Ullevål sykehus i Oslo som grensar til bustadsstrøka Fagerborg, Valleløkken og Lindern. Strøket høyrer til bydel St. Hanshaugen som ligg på Oslo Vest. Adamstuen haldeplassOslotrikken ligg på Adamstuen.

Kart over Adamstuen, 1917
Ullevålsveien 100
Foto: Helge Høifødt, 2007
Krysset Ullevålsveien (i bildet)/Theresesgate og Sognsveien (til høgre)
Foto: Helge Høifødt, 2008

Opphavleg var Adamstue-området ein eigedom utskilt frå Store Ullevål gard som omtrent tilsvarer området mellom Ullevålsveien, Kirkeveien og Sognsveien. Namnet kom frå kjøpmannen Adam R. Steen, som var eigar då han døydde i 1807. Eigedomen tilhøyrde seinare statsminister Emil Stang. Oslo kommune kjøpte han i 1911 for å betra tilkoma til sjukehuset. Nedre Adamstuen (Ullevålsveien 100, tidlegare 90B) er ei tømmerhytte frå ca. 1840 som framleis står att.

Veterinærinstituttet før 1960.

Veterinærhøgskulen låg lenge på Adamstuen, men blei vedteken flytta til Ås i Akershus av Stoltenberg II-regjeringa i 2008.[1] Avgjerda var svært kontroversiell, og blei kritisert både av politikarar og forskarar.[2][3] Til slutt blei flyttinga fastsett til våren 2020.[4]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Grethe Kielland Jensen (7. mars 2008). «Veterinærhøgskolen ut av Oslo». Nrk.no. 
  2. «Hestehandel om Veterinærhøgskolen». Porsgrunns Dagblad. 9. januar 2008. 
  3. «Flytter Veterinærhøgskolen til Ås». forskning.no. 9. januar 2008. Arkivert frå originalen 12. januar 2008. 
  4. «Veterinærhøgskolen flytter til Ås 2020», www.nmbu.no (på norsk bokmål), 21. januar 2019, henta 15. september 2019