Ås kommune

kommune i Akershus

Ås er ein kommune i Viken fylke. Kommunen grensar til Vestby, Frogn, Nordre Follo og Indre Østfold. Administrasjonssentrum for kommunen er Ås. Andre tettstadar er Kroer og Vinterbro. Ås kommune er heimkommunen til eine delen av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU, tidlegare UMB og tidlegare Noregs Landbrukshøgskule), medan hin delen ligg på Adamstua i Oslo. I kommunen ligg òg den mest kjende moroparken i Noreg - Tusenfryd.

Ås kommune
kommune
UMB Aas 02.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Adm.senter Ås
Areal 102,68 km²
 - land 100,84 km²
 - vatn 1,84 km²
Folketal 21 350 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Ola Nordal (Ap)
Kommunenr. 3021
Kart
Ås
59°39′37″ N 10°47′1″ E
NO 3021 Ås.svg
Wikimedia Commons: Ås
Nettstad: www.as.kommune.no

Kommunen har namn etter den låge åsen kyrkja der står på.

Kommunevåpenet viser tre spissruter i sølv, 2–1, på raud bakgrunn. Det viser til arkeologiske funn i kommunen.

Ås har hatt uendra grenser sidan 1838 bortsett frå ei mindre grensejustering mot Frogn i 1969. Kommunen strekkjer seg frå austsida av indre delen av Bunnefjorden og søraustover til Østfold fylke og Hobøl. Kommunen har tre sokn: Kroer, Ås og Nordby.

Det finst sju barneskular og to ungdomsskular i Ås. I tillegg huser kommunen den største vidåregåande skulen i Akershus fylke, Ås vidaregåande.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.