Adei Ad (hebraisk skrift עדי עד, tyder For alltid) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Shvut Rachel og Qusra og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune.

Adei Ad
landsby
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 32°2′26.3″N 35°20′5.67″E / 32.040639°N 35.3349083°E / 32.040639; 35.3349083
Grunnlagd 1998
 - Grunnlagd av Yeshiva-studentar
Kart
Adei Ad
32°02′26″N 35°20′06″E / 32.04063889°N 35.33490833°E / 32.04063889; 35.33490833
Wikimedia Commons: Adei Ad

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[1]

Adei Ad vart grunnlagd i 1998 av ei gruppe studentar ved Sdor Amir yeshiva i Shvut Rachel. I 1999 gav den israelske statsministeren Ehud Barak ordre om å fjerne utposten.[2] I juni 2003 sette det israelske forsvaret (IFD) ut fallskjermjegerar for å blokkere Adei Ad medan han vart fjerna. Ein offiser nekta å delta i blokkaden og vart sett i fengsel.[3]

Både i 2008 og 2009 var israelske soldatar igjen på staden for å rive ned bygg som var kome opp. Dette førte til hemneåtak mot soldatar frå innbyggjarane i utposten.[4][5]

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  2. Margot Dudkevitch and Lamia Lahoud (oktober 13, 1999). «Barak: 15 utposts to be dismantled». Jerusalem Post. Henta 15. september 2015. 
  3. Margot Dudkevitch (June 29, 2003). «Parasoldier officer jailed for refusing to dismantle utpost». Jerusalem Post. 
  4. Yaakov Katz and Tovah Lazaroff (29. juli 2008). «Settler violence leads to W. Bank travel restrictions for israelarar». Jerusalem Post. 
  5. Tovah Lazaroff and Yaakov Lappin (July 21, 2009). «Settlers burn trees, block roads to protest demolitions. Right-wing activists cite 'price tag' policy of revenge». Jerusalem Post. Henta 15. september 2015.