Distrikt i Israel
Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.
Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.
Jerusalem distrikt
endreJerusalem distrikt (Mehoz Yerushalayim). Folketal: 907 300
Det nordlege distriktet
endreDet nordlege distrikt (Mehoz HaTzafon). Folketal: 1 241 900
Administrativt senter: Nasaret
- Safed (underdistrikt) folketal: 100 500
- Kinneret (underdistrikt) folketal: 100 300
- Yizre'el (underdistrikt) folketal: 444 400
- Akko (underdistrikt) folketal: 555 300
Haifa distrikt
endreHaifa distrikt (Mehoz Heifa). Folketal: 880 700
Administrativt senter: Haifa
- Haifa (underdistrikt) folketal: 529 300
- Hadera (underdistrikt) folketal: 351 400
Det sentrale distriktet
endreDet sentrale distriktet (Mehoz HaMerkaz). Folketal: 1 770 000
Administrativt senter: Ramla
- Sharon (underdistrikt) folketal: 389 600
- Petah Tikva (underdistrikt) folketal: 604 600
- Ramla (underdistrikt) folketal: 282 800
- Rehovot (underdistrikt) folketal: 493 000
Tel Aviv distrikt
endreTel Aviv distrikt (Mehoz Tel Aviv). Folketal: 1 227 900
Administrativt senter: Tel Aviv
Det sørlege distriktet
endreDet sørlege distriktet (Mehoz HaDarom). Folketal: 1 201 200
Administrasjonssenter: Beersheba
- Ashkelon (underdistrikt) folketal: 456 000
- Be'er Sheva (underdistrikt) folketal: 565 300
Judea- og Samariaområdet
endreJudea- og Samariaområdet (Ezor Yehuda VeShomron). Jødisk folketal: 327 750 Palestinsk folketal: kring 2,5 millionar
Største jødiske og israelske by: Modi'in Illit
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Districts of Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dette distriktet omfattar område erobra under seksdagarskrigen i 1967 o annektert av Israel.
- ↑ Okkupert i 1967 i seksdagarskrigen og ikkje internasjonalt rekna som eit israelsk område.
- ↑ «Regions and territories: The Golan Heights». BBC. 10 August 2010. Henta 6. oktober 2014.