Adessiv
Adessiv er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til adessiv er på. Adessiv finst i finsk og i andre austersjøfinske språk, og det finst i ungarsk. Eit døme frå finsk er Kirja on pöydällä "boka er (ligg) på bordet (pöytä "bord"). Adessiv blir også brukt som grammatisk kasus i finsk, i eigarkonstruksjonen, t.d. Minulla on rahaa "eg-adessiv er.3sg pengar" dvs. "Eg har pengar".