Adils er namnet på ein konge av Ynglingeætta, son av Ottar Vendilkråke. Han er nemnd i Ynglingesoga, i Skjoldungasaga og i Béowulf. På gamalengelsk er han kalla Eadgils. Nokre historikarar meiner og at namnet hans ber i seg ein minning om hunarkongen Attila.

Adils

DødUppland
Hus eller slektYnglingeætta
FarOttar Vendilkråke
EktefelleYrsa
BarnSkuld, Øystein Adilsson

Omtale i mellomalderverk endre

Ynglingesoga endre

Snorre Sturlason fortel om kong Adils at han var «ovende rik» og sat lenge som konge. Adils herja i Saksland, og tok med seg heimatt ei jente som heitte Yrsa, og ho var so ven at kongen tok ho til kone. Yrsa vart sidan teken av skjoldungekongen Helge Halvdansson, som ekta henne oppatt i Lejre. Desse to er foreldra til Rolv Krake. Yrsa reiste attende til Sverige då dronning Ålov av Saksland fortalde ho at Helge i røynda var far hennar. Sidan budde ho i lag med Adils.

Adils var i trette med ein konge frå Noreg, som er kalla Åle den upplendske i denne soga. Desse to heldt slag på Vänern om vinteren, og Åle fall. Dette er og omtala i Skjoldungasaga, skriv Snorre.

Adils var «kjær etter gode hestar», skriv Snorre vidare, og miste livet i det ein hest snåva i eit jordhol. Adils fall framstupes og knuste hovudet slik at heilen vart liggjande på ein stein. Dette skjedde under eit blot for dísene. Han er hauglagt i Uppsala, og det er rekna at han ligg i ein av dei tre haugane som framleis er å finne der.

Ynglingatal seier:

Det spurde eg
at Adils skulde
live for vonde
vette lata
og på storverk huga
av heste-bogen
frenden hans Frøy
falla skulde,
og den høg-ætta
hovdingen fekk
heilen blanda
med blaute gyrma.
og døy skulde
dådsæle kongen,
uvenen hans Åle
i Uppsalir.

Béowulf endre

I kvadet Béowulf er det skildra korleis Adils(Eadgils), laut vinne Sverike frå Åle, som her er farbror til Adils. Åle heiter Onela i det engelske kvædet. Då Onela/Åle hadde teke over riket, laut Eadgils og bror hans, Eanmund (ikkje nemnd hjå Snorre), rømme til Gautland, og søkte livd hjå kong Hardråd (Heardrede). Då gjekk Onela mot gautane og det kom til krig. Heardred og Eanmund fall, og Béowulf vart konge. Eadgils fekk sidan hjelp av Béowulf til å hemne seg og felle Onela/Åle, og sidan vart Eadgils konge over sveane, og Béowulf stødde han.

Med Eadgils han gjorde
venskap i våden, med vigmenn hjelpte
sonen åt ohthere, sjøleides kom med
vigmenn og våpn. Visst tok han hemn
på frostall ferd, fellte kongen.

Både Snorre og Béowulfskalden er samde om at hemntoget gjekk føre seg om vinteren.

Skjoldungasaga endre

I skjoldungasaga er Adils skildra som "mektug og gjerrig". Framstillinga her er i tråd med Snorre si. I Soga om Rolv Krake er det nemnd at han hadde tolv berserkar i si teneste. Desse hjelper Adils med å svike kong Helge Halvdansson, far og mann til Yrsa. Adils syter for at Helge vert drepen, og Yrsa er hjå Adils i tida etter. Snorre har ikkje med tåtten om drapet på Helge. Soga fortel vidare korleis Adils vart byrg av dette verket, men Yrsa rådde han til å fara varleg med sigeren sin. Ho sytte og for at berserkane hans Adils vart fjerna. Adils ville bøte drapet på Helge med rike gåver, og Yrsa roa seg. "Likevel er ho jamnt misnøgd, og freistar om ho kan få valda berserkane mein og svivørding". Ho ter seg annleis etter drapet på Helge, far hennar.

Det var ærerikt å vera i hirda hjå kong Adils, sjølv om han gjekk for å vera ein "vondkynt mann". Han tok imot ein bonde som heitte Svipdag, som reid framfor kongen og vinn åtgaum der, sjølv om dei andre berserkane ikkje lika han. Svipdag vann over dei. Etter noko trette gjekk Yrsa inn for å stø Svipdag, og dei andre berserkane vart landlyste, slik ho ville ha det. Berserkane samla ein hær og gjekk mot Adils, og Adils sender Svipdag mot dei med ein annan hær. Soga fortel korleis Svipdag vann over berserkane, og kongen takka han for det. Det blir fleire slag, og Svipdag vert såra, men får hjelp av brørne sine. Svipdag reiser sidan bort og er hjå kong Rolv Krake i Danmark.

I Skjoldungasaga er Åle og konge i Noreg. Både i Skjoldungasaga og i Den yngre Edda er det gjete at Adils bad Rolv Krake om hjelp mot Åle.

Dei danske kjeldene legg mykje vekt på at Adils vart gjerug og vanskeleg med åra, og at Yrsa eggja sonen sin opp mot han. Rolv Krake, sonen til Yrsa, reid då til Adils med ein hær, og etter nokre fraser kjem det til kamp. Rolv vann over kjempene til Adils, og Adils freista så å brenne Rolv inne. Dette enda med at Rolv og mennene hans sprang gjennom elden og ut. Etter denne soga rømde Adils og løynde seg ved synkverving.

Tretta mellom Rolv og Adils enda med at Rolv sytte for å hogge seteballane av Adils, fortel den danske soga (som ikkje gjev Adils store æra). Adils uvita av blodtapet.

Samla attgjeving endre

Adils er nemnd i fleire kjelder, og difor veit vi meir om han enn om kongane etter han. I følgje kjeldene har han først vore nøydd til å rømme frå farsarven sin på grunn av Åle, som han sidan vinn på, etter ei kjelde med hjelp av Béowulf, etter ei anna av Rolv Krake (moglegvis har Rolv bytt plass med Béowulf i islandske kjelder). Sidan vert Adils gift med Yrsa, som er kone og dotter av Helge Halvdansson, far av Rolv Krake. Helge vert drepen av Adils, og Yrsa nyttar resten av livet med Adils til å eggje sonen sin, Rolv, opp mot Adils. Det heile endar med svivørding for Adils, som og er sagt å bli meir og meir gjerug og pengekjær med åra. Om Yrsa er mor til Øystein Adilsson, er det ikkje nemnd i noka kjelde.

Niels Lukmans teori endre

Den danske mellomkrigsfilologen Niels Lukman førte i marka ein teori om at kong Adils i røynda var identisk med hunarkongen Attila, som og er mint som rik, gjerug og ikkje minst, glad i hestar. Han tufta dette på namnelikskap og nokre andre moment i soga. Dei skulle og ha levd på same tida. Lukman meinte og at hunarane rådde like opp i Danmark og søre Sverige på grunnlag av dette.

Kjelder endre