Attila (406453), òg kjend som Atle, var keisaren over hunarane frå år 434 til han døydde i 453. Han var leiar av Hunarriket som strekte seg frå Tyskland til Uralelva, og frå Donau til Austersjøen. I løpet av regjeringstida hans, var han ein av dei mest frykta fiendane av det vestlege og det austlege romerske riket: han invaderte Balkan to gonger, og marsjerte gjennom Gallia (i dag Frankrike), så langt som til Orléans, før han tapte ved slaget på Katalaunarmarka.

Attila

Føddca. 395
FødestadKaukasia
Død453
DødsstadPannonia
FarMundzuk
EktefelleKreka, Ildico, Eskam's daughter
BarnEllac, Dengizich, Ernak, Prince Csaba

I mykje av Vest-Europa er han hugsa som eit godt døme på ondskap og griskheit. Nokre historier skildrar han do som ein stor og edel konge, og han speler ei stor rolle i dei tre norrøne sagaene Atlekvida, Volsungesoga og Atlemål.