Adjunkt
Adjunkt er ein lærar eller førskulelærar i det norske skulesystemet som har teke eksamen av ein lågare grad frå universitet eller høgskule med praktisk-pedagogisk påbygging. Ein kan òg oppnåa adjunktstatus med treårig lærar- eller førskolelærarutdanning og minst eitt års godkjend tilleggsutdanning frå høgskule eller universitet, eller anna likeverdig utdanning med pedagogisk påbygging. Etter at ålmenlærarutdanninga vart 4-årig er alle ålmenlærarar adjunktar.
Med fem års utdanning kvalifiserer ein til stilling som adjunkt med tilleggsutdanning (tidlegare adjunkt med opprykk), som er ei stillingsnemning for lærarar i det norske skulesystemet som har fem års utdanning på til universitets- eller høgskulenivå.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Adjunkt» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Utdanning.no si yrkesskildring av adjunkt