Adling
Adling er det å gje ein adelstittel til nokon som ikkje er adelege. I føydalistiske samfunn var det vanleg å gje slike titlar saman med eit visst landområde som adelshaldaren hadde råderett over. I nyare tid er det blitt vanleg å adla folk som ei symbolsk heidersvising.
Adling er i dag vanleg i Storbritannia, Nederland, Vatikanstaten og Italia i Europa og i Malaysia og Thailand i Asia. I Noreg blir ikkje folk adla, men kan få ein fortenestorden som St. Olavs orden.