Opna hovudmenyen
ราชอาณาจักรไทย
Ratcha Anachak Thai

(norsk: Thailand, thailandsk)

Det thailandske flagget Det thailandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Phleng Chat»
Geografisk plassering av Thailand
Offisielle språk Thai
Hovudstad Bangkok
Styresett
Monarki
Vajiralongkorn (Rama X)
Prayut Chan-o-cha
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
513 120 km² (50.)
0,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
68 414 135 (20.)
133,3 /km² (65.)
Etablert
1238
Nasjonaldag 5. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 107 000 mill. USD (20.)
16 700 USD (77.)
Valuta Baht
Tidssone UTC +7
Telefonkode +66
Toppnivådomene .th


Thailand er eit kongedøme i Søraust-Asia. Landet ligg ved austsida av Thailandbukta og grensar til Malaysia, Myanmar (Burma), Laos og Kambodsja.

Innhaldsliste

NamnEndra

Thailand, eller Muang Thai/Prathet Thai som det heiter på thai, vart tidlegare kalla Siam. Båe namna Muang Thai og Prathet Thai tyder «landet til dei frie». Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppa shan, og blei brukt fram til 1949. Thailand vert ofte òg kalla Smilets land,[1][2] ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.

HistorieEndra

Det noverande kongedømet blei til i 1767, men har røter i det eldre riket Sukhothai, grunnlagd i 1238, og det seinare storriket Ayutthaya. Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet blei Siam aldri erobra og kolonisert, som det einaste landet i området. Landet utførte likevel mange reformer på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det «ein uformell del» av det britiske imperiet.

Det konstitusjonelle monarkiet blei til som eit resultat av den siamesiske revolusjonen av 1932.[3]

I 1992 brukte kong Bhumibol Adulyadej innflytinga si til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.

Politikk og statsapparatetEndra

Kongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette.

Å kritisere medlem av kongefamilien kan rammast av loven om majestetsfornærming i Thailand.

ØkonomiEndra

Dei viktigaste industriane i landet er gummi, fiske, tømmer, naturgass og turisme.

Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intenst valutaspekulering med den thailandske bahten førte til at kursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heile Søraustasia.

På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen.

KorrupsjonEndra

Transparency International si list Corruption Perception Index frå 2018 var landet rangert på 96. plass. Det hadde dermed 95 land framfor seg på lista som vart rekna som mindre korrupte.[4]

FolkesetnadEndra

 
Buddhistisk munk ved andehus.

Størstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakle i den nordaustre Isan-regionen der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper er malayar i sør, monar, khmerar og ei rekke ulike urfolk.

Hovudreligionen er theravada-buddhisme (95 %), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppe muslimar sør i landet. Mange av desse ønskjer sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandet Malaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.

Geografi og administrativ inndelingEndra

 
Kart over fylka. (For å finne et navn på kartet, kan ein søke med hjelp av (søk) i tekstbehandlar eller browser-programvare.)
 
Kart over Thailand
 
Fylke i Thailand

Thailand er administrativt delt inn i 76 provinsar eller fylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet er amphoe. I år 2000 var det 795 slike amphoe-distrikt, 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet).

Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) er i daglegtale lik namnet på fylket. (Eit unnatak finst i Phayao-fylket.)

Nord

Aust

Sør

Nordaust

Sentral- Thailand

KlimaEndra

Med fjellområde både i aust og i vest unngår Thailand dei store nedbørsmengdene monsunen kan føre med seg. Det er likevel fuktig her, men òg solrikt, særleg om vinteren som har lite regn. Sjølv på sommaren er det relativt lite regn, men fjellområda kan få regn- og torevêr litt oftare.

Dei høgareliggande områda i nord kan bli ganske kjølige om sommaren, og temperaturen går ofte ned mot 15 °C, og av og til heilt ned mot 5 °C. Bangkok og deltaområdet i nærleiken har varme ettermiddagar året rundt, men kveldane er litt mindre fuktig om vinteren. Mars og april er ofte svært varme, før monsunen set inn. Bangkok har ein årleg nedbørsnormal på 1397 mm.

Kraeidet i sør har om lag dei same temperaturane året rundt med regn på austkysten om vinteren og på vestkysten om sommaren. Mai til oktober er den våtaste tida på året i denne delen av Thailand, med kraftigast regn på slutten av sommaren. Thailand vert sjeldan råka av tyfonar, men kan stundom merke restane av gamle system, som kan gje litt vind og auka nedbør.

MiljøproblemEndra

Fjerning av mangrove-skog langs kysten har bidratt til erosjon slik at land har blitt til sjøbotn.[5]

KjelderEndra

  1. Irun Dahl Elverum. Smilets land. 1. mai 2004. Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 41, nummer 5, 2004, side 395
  2. Ole Torp. Smilet er borte i «Smilets land» (22. mai 2010). NRK
  3. «A not-so-mundane history». Bangkok Post. 27. juni 2018. Henta 27. juni 2018. 
  4. «Small comfort in new graft rank», Bangkok Post (Post Publishing PCL), 22. februar 2018 
  5. «'Floating temple' in Samut Prakan defies coastal erosion». Bangkok Post. 8. april 2019. Henta 8. april 2019. 

BakgrunnsstoffEndra