Opna hovudmenyen

Administrativ databehandling (ADB) er bruk av datamaskinar til å løysa administrative og planleggingsmessige oppgåver innan forvaltnings- og næringslivsorganisasjonar. Typiske oppgåver som vert omfatta av ADB er rekneskap, økonomi, dokumenthandsaming, prosjektstyring, kundehandsaming m.m.

Typisk for ADB-program er at dei handsamar veldig store datamengder med relativt enkle operasjonane. Brukarprogram for teksthandsaming og rekneark vert også ofte inkludert i omgrepet ADB.

Ein av dei viktigaste leverandørane av ADB-programvare er SAP i Tyskland. Andre store aktørar er dei USA-amerikanske selskapa Oracle, PeopleSoft og Siebel.

KjelderEndra