Admirals Nunatak
Admirals Nunatak er ein nunatak med ei høgd opp mot 925 moh ved øvre Uranusbreen, sentralt på Aleksanderøya i Antarktis. Namnet kjem frå eit hundesledelag kalla «The Admirals» som tente ved forskjellige britiske stasjonar i Antarktis i 1952–94, og til ære for den lojale tenesta til alle sledehundar for Falkland Islands Dependencies Survey/BAS. Nunataken verkar å vere knytt til Huns Nunatak som ligg kring 6 km nordaust for Admirals Nunatak.
Admirals Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
• høgd | 925 moh. | ||
- koordinatar | 71°25′S 69°1′W / 71.417°S 69.017°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Admirals Nunatak 71°25′00″S 69°01′00″W / 71.416666666667°S 69.016666666667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Admirals Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).