Antarktistraktaten

Antarktistraktaten og tilknytte avtalar, som i lag vert kalla Antarktistraktatsystemet eller ATS, regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentet på jorda utan innfødde folkeslag. Avtalen dekkjer alle landområde og isbremmar sør for |60 °S. Traktaten, som trødde i kraft i 1961 og som i dag 50 nasjonar har skrive under på, definerer Antarktis som eit vitskapleg reservat med fridom til å utføre vitskaplege utforskingar samstundes som han forbyr all militær aktivitet på kontinentet. Traktaten var den første nedrustingskontrollavtalen som vart oppretta under den kalde krigen. Hovudkvarteret til sekretariatet for Antarktistraktaten har sidan september 2004 lege i Buenos Aires i Argentina.[1]

Emblemet til Antarktistraktaten
Eit samansett satelittbilete av Antarktis.

Antarktistraktaten endre

Hovudavtalen vart opna for underskriving 1. desember 1959 og tredde offisielt i kraft 23. juni 1961.[2] Dei originale underskrivarane var dei tolv landa som var aktive i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året (IGY) 1957–58. Desse var Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA. Desse landa hadde oppretta over 50 stasjonar i Antarktis for IGY. Avtalen var eit diplomatisk uttrykk for det operasjonelle og vitskaplege samarbeidet ein hadde fått til «på isen».

Paragrafar Antarktistraktaten endre

  • Paragraf 1 – Området skal berre nyttast for fredlege føremål; militær aktivitet, som våpentesting, er ulovlege, men militært personell og utstyr kan nyttast for vitskapleg forsking eller andre fredlege føremål.
  • Paragraf 2 – Fridom til vitskaplege utforskingar og samarbeid skal fortsetje.
  • Paragraf 3 – Fri byte av informasjon og personell i samarbeid med Dei sameinte nasjonane og andre internasjonale byrå.
  • Paragraf 4 – Avtalen anerkjenner, motstrid eller etablerer ikkje territoriale suvernitetskrav. Ingen nye krav kan heller stillast medan avtalen er i kraft.
  • Paragraf 5 – Avtalen forbyr prøvesprengingar av kjernefysiske våpen eller tømming av radioaktivt avfall.
  • Paragraf 6 – Avtalen gjeld for alle landområde og isbremmar sør for 60 grader 00 minuttar sør.
  • Paragraf 7 – Observatørar for medlemslanda i avtalen har fri tilgjenge, inkludert frå lufta, til alle område og kan inspisere alle stasjonar, installasjonar og utstyr. Melding om alle aktivitetar og innføring av militært personell må gjevast på førehand.
  • Paragraf 8 – Tillet domsmakt over observatørar og vitskapsfolk frå sine eigen statar.
  • Paragraf 9 – Hyppige rådgjevande møter skal finne stad mellom medlemslanda.
  • Paragraf 10 – Alle medlemslanda skal motverke aktivitetar frå andre land i Antarktis som ikkje er medlem av avtalen.
  • Paragraf 11 – Alle tvistar skal avgjerast fredeleg av partane det gjeld, eller i siste instans av Den internasjonale domstolen.
  • Paragrafs 12, 13, 14 – Omhandlar godkjenning, tolking og endring av traktaten mellom dei involverte nasjonane.

Hovudmålet til ATS er å sikre at interessene for alle menneske om at Antarktis til evig tid utelukkande skal nyttast til fredlege føremål og ikkje skal verte åstad for internasjonale usemjer.. Traktaten forbyr alle tiltak av militær natur, men ikkje nærvær av militært personell.

Andre avtalar endre

 
Å dumpe avfall langs kysten, slik som her ved den russiske Bellingshausen-basen er ikkje lenger lov i følgje Miljøvernsprotokollen
 
Denne framsida frå 1959 omhandla opninga av Wilkes postkontor i Australsk Antarktis.

Andre avtalar — kring 200 anbefalingar som ein har kome fram til og ratifisert på medlemsmøta — omfattar:

Møter endre

Antarktistraktaten sine årlege konsultasjonsmøte (ATCM) er eit internasjonalt forum for styre og administrasjon av regionen. Berre 28 av dei 49 deltakarlanda har rett til å delta i avgjersler ved desse møta, sjølv om dei 21 andre landa har lov å delta på møtet. Dei avgjersledeltakande landa er Rådgjevande partar og, i tillegg til dei 12 originale underskriftslanda, omfattar dette 16 land som har synt interessa si i Antarktis ved å utføre omfattande vitskapleg aktivitet der.[3]

Medlemmar endre

 
██ underskriftsland, rådgjevande, kravterritorium ██ underskriftsland, rådgjevande, reservert rett til territorialkrav ██ underskriftsland, rådgjevande ██ underskriftsland, møtetrett ██ ikkje underskrive avtalen


Land[4] Underskrive Rådgjevande Møterett
  Argentina   Argentinsk Antarktis* 23. juni 1961
  Australia (claim) 23. juni 1961
  Austerrike 25. august 1987
  Kviterussland 27. desember 2006
  Belgia 26. juli 1960
  Brasil 12. september 1983 16. mai 1975
  Bulgaria 25. mai 1998 11. september 1978
  Canada 4. mai 1988
  Chile   Chilensk Antarktis* 23. juni 1961
  Folkerepublikken Kina 7. oktober 1985 8. juni 1983
  Colombia 31. januar 1989
  Cuba 16. august 1984
  Tsjekkia (som   Tsjekkoslovakia) 14. juni 1982
  Danmark 20. mai 1965
  Ecuador 19. november 1990 15. september 1987
  Estland 17. mai 2001
  Finland 9. oktober 1989 15. mai 1984
  Frankrike   (krav) 16. september 1960}}
  Tyskland (krav) (avstått sidan 1945)

  Aust-Tyskland

3. mars 1981

5. oktober 1987

5. februar 1979

19. november 1974

  Hellas 8. januar 1987
  Guatemala 31. juli 1991
  Ungarn 27. januar 1984
  India 12. september 1983 19. august 1983
  Italia 5. oktober 1987 18. mars 1981
  Japan 4. august 1960
  Malaysia 31. oktober 2011
  Monaco 30. mai 2008
  Nederland 19. novemeber 1990 30. mars 1967
  New Zealand (krav) 1. november 1960
  Nord-Korea 21. januar 1987
  Noreg (krav) 24. august 1960
  Pakistan 1. mars 2012
  Portugal 29. januar 2010
  Peru 9. oktober 1989 10. april 1981
  Polen 29. januar 1977 23. juni 1961
  Portugal 29. januar 2010
  Romania 15. september 1971
  Russland (som   Sovjetunionen)** 21. juni 1960
  Slovakia (som   Tsjekkoslovakia) 14. juni 1962
  Sør-Afrika[5] 21. juni 1960
  Sør-Korea 9. oktober 1989 28. november 1986
  Spania 21. september 1988 31. mars 1982
  Sverige 21. september 1988 24. mars 1984
  Sveits 15. november 1990
  Tyrkia 25. januar 1996
  Ukraina 27. mai 2004 28. oktober 1992
  Storbritannia   Britisk Antarktis* 31. mai 1960
  USA** 18. august 1960
  Uruguay 7. oktober 1985 11. januar 1980
  Venezuela 24. mai 1999

* Krav overlappar.

** Reservert rett til å krevje område.

I 2012 er det 50 medlemsland der 28 har rådgjevande makt og 22 møterett. Av dei rådgjevande medlemslanda med stemmerett omfattar dette dei sju landa som har gjort krav på Antarktis som eit nasjonalt territorium. Dei 22 andre nasjonane har ikkje anerkjent krava til dei andre, og heller ikkje erklært at dei har tatt ei stilling til det.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. ATS.aq, arkivert frå originalen 15. mai 2019, henta 12. oktober 2012 
  2. «Information about the Antarctic Treaty and how Antarctica is governed.». Polar Conservation Organisation. December 28, 2005. Arkivert frå originalen 8. mars 2011. Henta 12. oktober 2012. 
  3. Antarktistraktaten sitt sekretariat
  4. «Secretariat of the Antarktistraktaten: Parties». Arkivert frå originalen 22. april 2009. Henta 12. oktober 2012. 
  5. «Antarktistraktaten (ATS)». Department of International Relations and Cooperation. Henta 5. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Antarktistraktaten ved Wikisource.