Admiralty Island er ei stor øy som ligg søraust i den amerikanske delstaten Alaska. Øya er ei av dei såkalla ABC-øyane, som er ein del av Alexanderøyane.

Admiralty Island
øy
Land  USA
Del av Alexanderarkipelet
Kart
Admiralty Island
57°40′00″N 134°20′00″W / 57.6666667°N 134.3333333°W / 57.6666667; -134.3333333
Kart over Admiralty Island.
Kart over Admiralty Island.
Kart over Admiralty Island.
Wikimedia Commons: Admiralty Island, Alaska

Admiralty Island er den femte største øya i Alaska og den sjuande største i USA. Ho er 145 kilometer lang og 56 kilometer brei, og har eit areal på 4 264,1 km². Den einaste busetnaden på øya er Angoon, der det bur rundt 500 menneske.

Øya er kjend som Xootsnoowú for tlingitfolk, iblant tolka som ‘Bjørnefestningen’. Admiralty har den høgaste tettleiken av brunbjørnar i Nord-Amerika. Det er estimert å vera 1 600 brunbjørnar på øya, noko som gjer at dei menneskelege innbyggjarane på Admiralty er talmessig underlegne med ein rate på nesten 3 til 1.

I 1998 brukte Lars Monsen 23 dagar på å kryssa øya til fots på langs. Han skildra reisa i boka si Ekspedisjoner i bjørneland.[1][2]

Kjelder

endre