Adolph Frank
tysk kjemikar
Adolph Frank (29. januar 1834–30. mai 1916) var ein tysk kjemikar, ingeniør og entreprenør. Han er mest kjend for å ha oppdaga pottoske (kaliumkarbonat) og industrien bygd på denne.
Adolph Frank | |||
| |||
Fødd | 29. januar 1834 Klötze | ||
---|---|---|---|
Død | 30. mai 1916 Berlin-Charlottenburg | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen | ||
Område | kjemi | ||
Yrke | kjemikar, ingeniør, farmasøyt | ||
Medlem | Verein Deutscher Ingenieure |
Den første kaliumfabrikken fekk han oppretta i 1861. Saman med Nikodem Caro utvikla han kalsiumcyanamid-syntesen, Frank-Caro-prosessen i 1899. Dette vart grunnlaget for nitrogen og kalsiumcyanamid-industrien. Same året skipa han, Caro og nokre andre industrialister selskapet Cyanid-Gesellschaft mbH. I 1908 skipa Cyanid-Gesellschaft produksjonsselskapet Bayrische Stickstoffwerke AG (BStW) i Trostberg som fekk straum levert frå eit vasskraftverk ved elva Alz.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Adolph Frank» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2020.