Adolph Prante

stortingsrepresentant

Adolph Jørgen Prante (11. mars 181030. juni 1867) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen som møtte på Stortinget i tida 1859-66.

Adolph Prante
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1810
Bergen
Død

30. juni 1867 (57 år)
Bergen

Yrke politikar, handelsmannn, lærar

Prante var son til ein kjøpmann, og dreiv sjølv i handelsbransjen. Dessutan var han lærar ved latinskulen og handelsskulen i Bergen. Han var medlem av bystyret i Bergen.

På tingsamlingane 1859-60, 1862-63, Omframtstortinget 1864 og Stortinget 1865-66 var Prante ein av fire representantar frå Bergen by. Han var medlem 1859-60 av Budsjettkomiteen, sekretær 1862-63 i Næringskomite nr 1, medlem 1862-63 av Matrikkellovkomiteen og 1865-66 av Konstitusjonskomiteen.

Kjelder endre