Abrahamelva
(Omdirigert frå Adoniselva)
Abrahamelva (arabisk نهر ابراهيم, Nahr Ibrahim) òg kalla Adoniselva, er ei lita elv i Libanonfjella guvernement i Libanon. Ho renn gjennom byen Nahr Ibrahim før ho munnar ut i Middelhavet. Byen er kalla opp etter elva (nahr tyder elv på arabisk). I dag er ho eit av turistmåla i Libanon. I følgje gresk mytologi var Adonis guden for kjærleik og venleik og vart depen nær elva av eit villsvin sendt av Ares, krigsguden (eller av Ares sjølv forkledd som eit villsvin). I følgje segna flaut blodet til Adonis i elva og farga det raudt i hundrevis av år.
Abrahamelva | |||
elv | |||
Abrahamelva
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Utløp | Middelhavet | ||
Koordinatar | 34°04′N 35°39′E / 34.067°N 35.650°E | ||
Abrahamelva 34°03′44″N 35°38′32″E / 34.06218°N 35.64227°E | |||
Kart som viser Abrahamelva.
| |||
Wikimedia Commons: Abraham River |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abraham River» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: