Aiolos
(Omdirigert frå Aeolus)
Aiolos er namnet på to personar i gresk mytologi og dikting.
Aiolos | |||
| |||
Tittel | king in Greek mythology | ||
---|---|---|---|
Opptrer i | Aeolus | ||
Identifisert med | Aeolus | ||
Mor | Arne | ||
Far | Poseidon, Hippotes | ||
Ektefelle | Cyane, Telepatra | ||
Barn | Canace, Aquilo, Macareus, Agathyrnus, Magnes, Aura, Polymele, Diores, Androcles, Astyochus, Astycrateia, Tritogeneia, Aeole |
I Odysseen er Aiolos vindguden som heldt til på ei drivande øy. Av Aiolos får Odyssevs ein sekk med dei fire vindane i. Mennene til Odyssevs lurer seg til å opne sekken medan han ligg og søv og det kjem ein storm som fører skipet tilbake til Aiolos. Odyssevs ber om hjelp på ny, men Aiolos jagar han bort i sinne.
Aiolos son av Hellen
endreI greske segner er Aiolos son av Pyrra og Hellen, som igjen er soneson av Prometevs. Aiolos var i segnene herskar i Thessalia og vart rekna som stamfar for aiolerane, den eine av tre stammer som hellenarane frå gammal tid var delt inn i.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Aiolos – hersker i Thessalia» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Aiolos» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2009.