Aga på Bømlo

Aga er ein gard og ei øy i Bømlo kommune som fram til 1995 høyrte til Fitjar kommune. Garden er ei samling øyar som ligg vest for Nyleio, mellom Ålforo, Bømlalandet og Vedøy i sør og Brendøyosen i nord.

Garden er ikkje særleg gammal og var opphavleg ein husmannsplass under Fitjargarden. Garden vart sjølvstendig då Ole Michelsen Tosche selde Fitjargarden i 1755.

Det er funne ei krossforma steinhakke frå steinalderen på Aga.

NamnEndra

Ein er ikkje sikker på opphavet til namnet. Ein teori er at namnet kan kome av «agg», som tyder noko «kvasst». Det er fleire nes som stikk fram på Aga, så denne tydinga kan passe. Ein anna teori er at namnet kan kome av «agi», som tyder «beite», og at Fitjargarden såleis har nytta øya som beite i gammal tid.

Gardsnamnet har vore skrive mykje likt opp gjennom åra. Variantar er Age i 1756 og Agøen i 1801. Namnet vert i dag skrive Aga og er likt med daglegnamnet.

HistorieEndra

Aga låg under Fitjargarden, som var eigd av Ole Michelsen Tosche fram til 1755. Han selde til gjestgjevaren i Folderøyhamn. Øyana Aga, Vedøyo og Øsparøyo kom då under Føyen skipreide i 1784, men høyrde framleis til Fitjar kyrkjesokn. Seinare gjekk garden tilbake til Jonas Tosche, son til Ole Michelsen Tosche, som igjen selde tilbake til gjestgjevaren i Folderøyhamn. Utover 1800-talet har bruka på garden stort sett vore i sjølveige. I 1867 kom garden tilbake til Fitjar herad i lag med Vedøyo, medan Øsparøyo vart verande under Bømlo.

Andre øyarEndra

Agasøster er ei lita øy som ligg nordom Aga og som høyrer til garden Aga. Namnet har vore særs lite brukt i Noreg og må tyde «syster til Aga». Opphavleg var Agasøster eit plass under Aga.

Orrøyo, Brennholmen, Øspøyo med Farholmen og Jørgensholmen, Klaksøyo og Grunnasundsholmen har òg bruk som ligg under Aga.

KjelderEndra

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar. s. 337-392.