Bømlo kommune

kommune i Vestland fylke i Norge
Sjå òg Bømmeløy.

Bømlo er ein kommune i Sunnhordland, sør i Vestland fylke. Han ligg ut mot havet og Nordsjøen og femner om på lag 900 øyar og holmar. Mellom andre Bømlo, Goddo, Hiskjo, Espevær, Moster, Spissøy og Hespriholmen. Øyane i kommunen vert bundne saman av fleire bruer, til dømes Bømlabrua. Øyane i nord og i aust høyrer til kommunane Austevoll, Fitjar og Stord. Fastlandsområda på andre sida av Bømlafjorden i søraust høyrer til Sveio kommune.

Bømlo kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Svortland
Areal 246,57 km²
 - land 235,46 km²
 - vatn 11,11 km²
Folketal 12 061  (2022)
Målform Nynorsk
Ordførar Sammy Olsen (Sp)
Kommunenr. 4613
Kart
Bømlo kommune
59°46′46″N 5°13′06″E / 59.779444444444°N 5.2183333333333°E / 59.779444444444; 5.2183333333333
Wikimedia Commons: Bømlo
Nettstad: www.bomlo.kommune.no
Siggjo, ein av mange turistattraksjonar på Bømlo.

I 1995 vart Bømlo kommune tillagt øyane Aga og Agasøster i aust og Gisøy og Vikøy i nord frå Fitjar kommune, då desse fekk brusamband med resten av Bømlo.

Det høgaste fjellet på Bømlo er Siggjo på 474 moh.

Trekantsambandet gjev Bømlo vegsamband til øya Stord og Sveio på fastlandet. Bygda Langevåg, på sørspissen av Bømlo, har ferjesamband til Buavåg i Sveio.

Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil, som skal vera skyldt ordet «bembel», navle eller mage. I denne samanhengen er det venteleg meint i tyding tjukk, oppsvollen, som spelar på fjellformasjonen til Siggjo.

Historie endre

Bømlo var ein kommune som vart oppretta i 1916, då Finnås kommune delte seg i kommunane Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 slo kommunane seg saman att, til Bømlo kommune.

Bømlo kommune frå 1916 til 1963 omfatta det området ein i dag kallar «Søra Bømlo».

Tettstader endre

Samfunn endre

Politikk endre

Det sit 27 representantar i kommunestyret. I perioden 2019-2023 er ni parti representerte:[1]

Sammy Olsen (Sp) er ordførar og Ragnfrid Sønstabø (H) er varaordførar.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Bømlo kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5][6] 1.1.1961[4][5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
5936a 6373a 7433a 7745a 8104a 8276a 9258a 9727a 10839 11275
a Talet omfattar ikkje delar av Brandasund, Haslevik og Aga, som var del av Fitjar kommune, fram til dei vart overførte til Bømlo kommune i 1995. Desse områda hadde då 225 innbyggjarar.

Utdanning endre

Det er fleire skular i kommunen. Svortland, Rubbestadneset, Gilje, Meling, Folderøy, Våge og Espevær har 1.-7. klasse, medan Moster og Hillestveit har 1.-10. klasse. Bremnes Ungdomsskule har elevar frå 8.-10. klasse og tek inn elevane frå alle skulane som ikkje har ungdomsskule, unnateke av Espevær som soknar til Hillestveit.

Det er 2 vidaregåande skular, Rubbestadnes Vidaregåande skule (tidlegare Rubbestadnes Yrkesskule) og Bømlo Vidaregåande skule.

Bømlo Folkehøgskule (tidlegare Olavsskulen) ligg på Finnås.

Grunna spreidd busetnad var det fleire skular tidlegare. Dei som sist vart lagde ned var Rolfsnes skule (sokna til Rubbestadneset), Håvik skule (sokna til Moster skule) og Erevik skule (sokna til Bremnes Ungdommskule). Tidlegare skulebygg vert brukte til grendahus og industri.

Kultur endre

Bømlo er kjent for å ha eit rikt kulturliv med mykje teater, dans, song og musikk.

Sogespelet Kristkongane på Moster (Mostraspelet) vert sett opp i den nedlagde kalkgruva som i dag utgjer Moster Amfi. Mostraspelet er eit sogespel i 3 akter skrive av Johannes Heggland, med musikk av Kjell Habbestad. Spelet hadde urpremiere i Moster Amfi i 1984 og har vorte sat opp kvart år etter dette, i månadsskiftet mai/juli, med skuleframsyningar fredagen, premiere laurdagen og framsyning søndag. Talet på framsyningar kvar dag har variert. Det var og nokre år sett opp nattframsyningar, med ekstra lys. Frå 2013 vert spelet oppsett annankvart år (neste gong i 2015).

Bømloteateret vart stifta i 1973 og har normalt sett opp ei teaterforestilling i året, i tillegg til å vera ambassadørar for kystkulturen. Bømlo Musikallaug vart stifta i 1999. Dei har nytta Moster Amfi som scene for dei store musikalane Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess og Miss Saigon. I tillegg har dei sett opp mindre framsyningar. I 2011 slo Bømloteateret og Bømlo Musikallaug seg saman og danna Bømlo Teater som i 2014 kjem til å setja opp musikalen West Side Story i Moster Amfi.

Bømlo kulturskule driv musikalsk opplæring på strykeinstrument, gitar og piano. Gjennom skulekorpsa driv dei opplæring på messing- og treblåsinstrument. I tillegg har dei undervisning/grupper i dans, kunst og teater, og eigne tilrettelagde kunst- og musikkgrupper. Kulturskulen har fleire oppsettingar i året med konsertar, danse- og teaterframsyningar og kunstutstillingar.

Det er 6 skulekorps og eit amatørkorps på øya, fordelt på 3 janitsjarkorps og 4 brass band. Rubbestadneset skulekorps, Steinsbø skulekorps og Bømlo Janitsjar har janitsjar besetning, medan Moster skulekorps, Våge skulemusikklag, Meling skulekorps og Hillestveit skulekorps har rein messingbesetning.

Bømlo kunstlag vart stifta i 1983 og arrangerer fleire utstillingar kvart år med lokale og eksterne kunstnarar. Bømlo kunstlag vart i 2013 kåra til Årets kunstlag av Norske Kunstforeninger.

Under og ved sida av kulturinstansane er det eit mylder av band, forfattarar, songarar og kunstnarar.

Aviser endre

Lokalavis for Bømlo er Bømlo-nytt. Regionavisene Sunnhordland, Bergens Tidende og Haugesunds Avis dekkjer også Bømlo. Både Sunnhordland og Haugesunds Avis har eigen Bømlo-redaksjon.

Fotnotar endre

  1. Regjeringen: kommunevalg 2019 Bømlo
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd på Moster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengde på Bømlo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Bremnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre