Agathonísi
Agathonísi Lokalt namn: Αγαθονήσι | |
---|---|
![]() Hovudhamna på Agathonísi | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 14,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Megálo Khório (168 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 185 (2011[1]) |
Folketettleik | 12,8 /km² |
Agathonísi (gresk Αγαθονήσι) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er omringa av mange mindre øyar og har to landsbyar: Megálo Khório og Mikró Khorió. Hamna på Agathonísi ligg i Ájos Jeórjos og her finn ein dei einaste hotella på øya. Øya ligg 67 km aust for Pátmos, ein båttur på om lag 2 timar og 30 minutt.
Agathonísi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Øya går òg under andre namn som det lokale Gáidaros og det antikke namnet Tragea. Det høgaste punktet på øya er 209 meter over havet.
Byar og tettstaderEndra
Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Megálo Khório | 168 |
Mikró Khório | 17 |
Småøyar i kommunen:
- Gláros (0)
- Kounéli (0)
- Nerá (0)
- Psathonísio (0)
ReferansarEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Agathonissi frå Engelsk Wikipedia .