Agen er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Lot-et-Garonne i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 30 000 innbyggjarar.

Agen
Agen frå kanalen
Agen frå kanalen
Agen frå kanalen
Flagget til Agen Byvåpenet til Agen
Flagget til Agen Byvåpenet til Agen
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Lot-et-Garonne
Geografi
Flatevidd 11,49 km²
Flatevidd
 - By

11,49 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

30 170
  2 626/km²
Koordinatar 44°12′N 00°37′E / 44.200°N 0.617°E / 44.200; 0.617
Høgd over havet 48 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 47000
Heimeside: www.agen.fr

Agen er eit katolsk bispesete, og er underbispedøe under erkebispedømet i Bordeaux.

I Frankrike er Agen kjend som «sviskehovudstaden», etter mattypen som det vert dyrka og produsert mykje av her.

Attraksjonar endre

Domkyrkja i Agen, St. Caprais frå 1100-talet, er tileigna St. Caprasius og er ei av dei få store kyrkjene i Frankrike med eit dobbelt skip. Denne noko upraktiske løysinga kan vere ein eigenskap frå området, sidan det ligg liknande kyrkjer i nærleiken, som i Toulouse.

Bakgrunnsstoff endre