Opna hovudmenyen

Prefektur i Frankrike

(Omdirigert frå Préfecture)

Eit prefektur (fransk préfecture) i Frankrike kan vere:

  • Chef-lieu de département, administrasjonsenteret eller hovudstaden i eit departement.
  • Chef-lieu de région, administrasjonssenteret i ein region
  • Rettskretsen til eit préfecture.
  • Den offisielle bustaden eller hovudkvarteret til ein préfet.

Rolla til prefektur i departementEndra

Det er 100 préfecture i Frankrike, eit for kvart departement. Øvste leiar er ein préfet. Prefekturet er ein administrasjon som høyrer til det franske innanriksdepartementet, og har derfor ansvaret for å levere ut legitimasjonskort, førarkort, pass, arbeids- og opphaldstillatelse for utlendingar, registrering av køyretøy, registrering av foreiningar, og styret av politi og brannstell.

Prefektet representerer den nasjonale regjeringa på eit lokalt nivå, og utøver på den måten makta som er grunnlovsmessig tillagt den nasjonale regjeringa.

Inndeling av departementetEndra

Departementa er delt inn i arrondissement, som igjen er delt inn i kantonar. Chef-lieu d'arrondissement er underprefektur eller sous-préfecture. Personen som er øvste leiar vert kalla sous-préfet. Kantonane har relativt få oppgåver, og den viktigaste er den lokale organiseringa av val (kantonar fungerer som valkretsar).