Aggersundbroen er ei 228 meter lang og 10,4 meter brei vegbru over Aggersund i Limfjorden i Danmark, nordaust for Løgstør.

Aggersundbroen sett frå sørvest

Brua vart bygd i åra 1939-1942, og opna for trafikk 18. juni 1942. Ho er ei fagverksbru sett saman av to 90 meter lange bogefagverk i betong, bunde saman med ei klaffebru med doble klaffar som kan opnast for skipstrafikken gjennom fjorden. Seglingsbreidda er 30 meter.

Kjelder endre