Agincourt Carol (også kjend som Agincourt Song, Agincourt Hymn eller etter refrenget sitt, Deo gratias Anglia) er ein engelsk folkesong eller carol som blei skriven ein gong tidleg på 1400-talet. Han handlar om slaget ved Agincourt i 1415, der den engelske hæren leia av Henrik V av England sigra over den franske hæren til kong Karl VI av Frankrike i det som no er Pas-de-Calais i Frankrike.

Faksimile av Agincourt Carol frå Trinity Carol Roll (Trinity MS O.3.58)
Faksimile frå Selden Carol Book sin versjon av Agincourt Carol frå 1400-talet. Oxford, Bodleian Library, Manuscript Archives

Carolen er ein av tretten som er med i Trinity Carol Roll, ein pergamentrull som truleg stammar frå East Anglia, og som har vore i Wren Library ved Trinity College i Cambridge sidan 1800-talet.[1] Den andre primærkjelda til songen er den samtidige Selden Carol Book som er ved Bodleian Library i Oxford.[2]

Songen er med i Laurence Olivier sin film Henry V frå 1944.[3] I 1918 skapte komponisten Ernest Farrar Heroic Elegy: For Soldiers med Agincourt Carol som grunnlag.[4]

Tekstdøme

endre
Deo gratias Anglia redde pro victoria!
[Give thanks, England, to God for victory!]
Owre Kynge went forth to Normandy
With grace and myght of chyvalry
Ther God for hym wrought mervelusly;
Wherefore Englonde may call and cry
Deo gratias Anglia redde pro victoria!

Mønsteret med omkved på latin og vers på engelsk følgjer ein struktur som er typisk for religiøse carolar frå denne tida.[5]

Innspelingar

endre

Agincourt Carol er blitt spelt inn av The Young Tradition på Galleries[6] (med bidrag frå Early Music Consort og Dave Swarbrick, og av Silly Sisters (Maddy Prior og June Tabor) på det andre albumet deira No More to the Dance.

Kjelder

endre
  1. BBC Music, Christmas 2011
  2. Hayward, Paul. «The Agincourt Carol». Medieval Primary Sources—Genre, Rhetoric and Transmission, Department of History, Lancaster University. Henta 5 January 2020. 
  3. «Soundtracks for "The Chronicle History of King Henry the Fift with His Battell Fought at Agincourt in France"». IMDb entry for "The Chronicle History of King Henry the Fift with His Battell Fought at Agincourt in France" (1944). Internet Movie Database. Henta 19. april 2007. 
  4. Andrew Achenbach Farrar Orchestral Works, review Gramophone Magazine July 1998
  5. Roden, Timothy; Wright, Craig; Simms, Bryan (2010). Anthology for Music in Western Civilization 1. Boston, MA: Schirmer. s. 41. ISBN 978-0-495-57274-9. 
  6. Young, Rob (2011). Electric Eden: Unearthing Britain's Visionary Music. s. 199. ISBN 978-0-86547-856-5. 

Bakgrunnsstoff

endre