Agjeldstunnelen
Agjeldstunnelen[a] er ein vegtunell på fylkesveg 60 i Stryn kommune i Vestland. Tunellen har to køyrefelt. Arbeidet starta 3. september 2012, der var gjennomslag 22. januar 2013 og tunellen opna 30. juni 2014 utan nemnande seremoni. Heile anlegget på 1800 meter kosta 174 millionar kroner. Sjølve tunellen er på 960 meter.[1][2]
Veg | Fv. 60 |
---|---|
Kommune | Stryn |
Fylke | Vestland |
Lengd | 960 meter |
Opna | 30. juni 2014 |
Agjeldstunnelen 61°52′16″N 6°41′53″E / 61.871°N 6.698°E |
Dette er den midtre av tre tunellar mellom Olden og Innvik, som del av ei utbetring av det som i si tid vart kåra til "Norges verste veg". Tunellen går under garden Agjeld, og under Agjeldselva.
Tunellen erstattar den rasfarlege og svært tronge vegen langs fjorden gjennom Svartehola. Den gamle vegen er open som gang- og sykkelveg i sommarhalvåret.[3]
Sjå òg
endreMerknadar
endre- ↑ I anleggsperioden omtalt som Agjeldtunnelen, som er feil skrivemåte
Kjelder
endre- ↑ «Vegvesen.no: Agjeldtunnelen». Arkivert frå originalen 10. februar 2013. Henta 19. august 2013.
- ↑ Kolseth, Harald (30. juni 2014), «Agjeldstunnelen offisielt opna», NRK (på norsk bokmål), henta 27. september 2024
- ↑ Flaten, Bengt (27. juni 2014). «Måndag vert tunnelen offisielt opna». fjordingen.no. Henta 27. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Agjeldstunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2024.