Vegtunnelar i Noreg
Det var i januar 2007 952 vegtunnelar i Noreg, med ei samla lengd på 865 km.[1] 68 vegtunnelar i Noreg er over 3000 meter lange. 26 norske vegtunnelar er undersjøiske.
Ein rapport utarbeidd av Vegdirektoratet i 2003 viste at det då var 758 tunnelar på europa- og riksvegane og 154 på fylkesvegane. Av desse var 193 tunnelar i Hordaland og 140 i Sogn og Fjordane. Den gjennomsnittlege tunnellengda var ca. 945 meter. Av tunnelane på europa- og riksvegane hadde 81% ljos, medan 23 % av tunnelane hadde ventilasjonsanlegg.[2]
Vegtunnelar i Noreg over 3000 meter
endreLista kan sorterast for kvar av kolonnane, altså etter namn, lengd, opningsår, vegnummer, fylke eller kommune. Sjå artiklane om dei enskilde tunnelane for meir informasjon. Kategori:Tunnelar i Noreg med underkategoriar har også artiklar om ein del kortare tunnelar.
Legg merke til at Statens vegvesen på sine skilt gjerne rundar av lengda på tunnelar til næraste ti meter.
Nokre andre utvalde vegtunnelar
endreNamn | Lengd (m) | Opna | Veg | Fylke | Kommune | Kommentar | Bilete |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Breiviktunnelen/Sentrumstangenten | 3899 | 1993/1999 | Troms | Tromsø | Samanhengande tunnelsystem i Tromsø. Breiviktunnelen og Sentrumstangenten vert vanlegvis rekna som separate tunnelar med lengd på respektive 2634 og 1628 m (inkludert tunnelarmar). | ||
Amlatunnelen | 2969 | 1995 | Sogn og Fjordane | Sogndal | Biloppstillingsplass i den eine enden ved Mannheller ferjekai | ||
Tussentunnelen | 2840 | 2004 | Privat | Møre og Romsdal | Molde | Privat bomveg utanom det offentlege vegnettet, innkorting av riksveg 64. | |
Sjønståfjelltunnelen | 2827 | 1956/1972 | 830 | Nordland | Fauske | Den lengste av fire jarnbanetunnelar som vart ombygd til vegtunnelar i 1972-75 | |
Vardøtunnelen | 2892 | 1983 | Finnmark | Vardø | Noregs fyrste undersjøiske tunnel, 88 muh. | ||
Melkøysundtunnelen | 2316 | 2003 | Privat | Finnmark | Hammerfest | Einaste undersjøiske tunnel utanom det offentlege vegnettet, 62 muh. | |
Ofredalstunnelen | 2200 | 1992 | Kv. | Sogn og Fjordane | Årdal | Landets lengste tunnel på kommunal veg? | |
Tunnel til Kjeåsen | ca. 2600 | 1974 | Privat | Hordaland | Eidfjord | «Verdens dyreste gårdsvei»[4] | |
Runehamartunnelen | 1550 | 1970-talet? | Privat, tidlegare | Møre og Romsdal | Rauma | Nedlagd, no testtunnel for brannforsøk |
Nokre gamle tunnelar
endreNamn | Lengd (m) | Opna | Veg | Fylke | Kommune | Kommentar | Bilete |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tunnel ved Eidfjordvatnet | 25 | 1891 | ved | Hordaland | Eidfjord | Noregs eldste vegtunnel?[5] | |
Kårdalstunnelen | 117,5 | 1898 | Kv. | Sogn og Fjordane | Aurland | Eldste vegtunnel i Sogn og Fjordane[6] | |
Gamle Ottatunnelen | 56 | 1899 | ved | Sogn og Fjordane | Luster | Nest eldste vegtunnel i Sogn og Fjordane[6] | |
Tunnel ved Dyrskar på Haukelifjell | 1900 | ved | Hordaland | Odda | Ein av Noregs eldste vegtunnelar[7] |
Referansar
endre- ↑ Vegen og Vi[daud lenkje] (nr. 1, 2007)
- ↑ Vegdirektoratet: Data om tunneler på riks- og fylkesveger 2003[daud lenkje]
- ↑ Tunnelopningane er i Ulstein og Ørsta kommunar, men tunnelen går også under eit lite parti i Volda kommune.
- ↑ Sitat frå NAF Veibok
- ↑ Trolltoget.no: Ferdsel og vegbygging i Måbødalen gjennom tidene, arkivert frå originalen 9. september 2007, henta 8. juli 2008
- ↑ Hopp opp til: 6,0 6,1 Kristin Ese: På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, Førde 2007. ISBN 978-82-91722-70-2
- ↑ Helenorge.no Arkivert 2012-12-03 ved Archive.is oppgjev byggeåret til 1886, men det er truleg feil. Ifyljge Statens vegvesen[daud lenkje] vart vegen opna i 1886, men tunnelen ikkje bygd før i perioden 1891-1900.
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen byggjer på «Veitunneler i Norge» henta frå Wikipedia på bokkmål 8. juli 2008. I artikkelen vart dette opplyst om kjeldene:
«Hovedlista er basert på en liste utarbeidet av Gunnar Lotsberg og publisert på The World's longest Tunnel Page. Grunnlagslisten er brukt med tillatelse. Data er hentet fra flere forskjellige kilder, blant annet Gunnar Lotsbergs liste og dokumentet Beregning av gjenanskaffelsesverdien av riksvegnettet Arkivert 2013-12-08 ved Wayback Machine. (2004).»
Bakgrunnsstoff
endre- Statens vegvesen: «Antall tunneler på vegnettet i Norge» Arkivert 2007-11-13 ved Wayback Machine. (16. august 2004)
- The World's longest Tunnel Page har også liste over kortare tunnelar.