Agnar Helge Mauritz Hagen, fødd Hollan, (11. november 190423. februar 1996) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo som åra 1928-30 vart noregsmeister på så vel 100 meter som 200 meter, sidan heldt han fram å verte noregsmeister på 200 meter i 1932, 1933 og 1935.

Perioden 1926-36 vann Hagen seks (3-2-1) NM-medaljar på 100 meter, åtte (6-0-2) på 200 m og i 1933 NM-sølv på 400 meter. Han sette personleg rekord på 100 meter med tida 10,8 sekund då han vann gullmedaljen på distansen under NM i friidrett 1929 på Bislett stadion i Oslo. Seinare fekk han notert same tida i fleire tevlingar. Bestetida på 200 m var 22,1 sekund.

Hagen var medlem i Oslo Turnforening.

Kjelder endre