Opna hovudmenyen

Agnete Carlsen

norsk fotballspelar

Agnete Synnøve Carlsen (fødd 15. januar 1971) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Moss. Ho vart europameister 1993 og verdsmeister 1995 med Noreg. Carlsen deltok i 97 landskampar i tida 1988-97 og skåra 17 mål. Ho var både midtbanespelar, men etterkvart oftast høgreback i landslaget.

Agnete Carlsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. januar 1971
Moss
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Carlsen spelte på Sprint-Jeløy frå 1987 til 1995 og var med å vinne to seriemeisterskap med laget frå Moss. Frå 1996 til -98 var ho under kontrakt med japanske Nikko, men somrane 1996 og 1997 var ho innom høvesvis Kolbotn IL og Athene Moss. Under opphaldet i Japan sanka ho tre seriepokalar og ein cuppokal.

Med det norske landslaget vart Carlsen europameister 1993 og verdsmeister 1995. Ho var fast på europameisterlaget, men var einast innbytar i to kampar under VM 1995. Carlsen var elles med på å tape EM-finalen både i 1989 og 1991, medan det enda med siger og bronsemedalje i kampen om tredjeplassen under Sommar-OL 1996.

MerittarEndra

  • Verdsmeister: 1995 med Noreg
  • Europameister: 1993 med Noreg
  • EM-sølv: 1989 og 1991 med Noreg
  • OL-bronse: 1996 med Noreg
  • Seriemeister: 1990 og 1993 med Sprint-Jeløy
  • Japansk seriemeister: 1996, 1997 og 1998 med Nikko
  • Japansk cupmeister: 1997 med Nikko

KjelderEndra

Fotballforbundet