Sportsklubben Sprint-Jeløy
Sportsklubben Sprint-Jeløy er ein rein fotballklubb heimehøyrande i Moss i Østfold. Klubben vart stifta 11. oktober 1940 då Jeløy Idrettsforening og Sportsklubben Sprint slo seg saman. Sprint-Jeløy har over 600 medlemer og spelar heimekampane på Bellevue stadion i kvite trøyer og elles mørkeblått.
A-laget til Sprint-Jeløy deltok fram til 2008 i fleire tiår jamnt på nivå tre i det norske seriesystemet, også ein sesong på nivå to. Etter den tid har klubben spelt lokalfotball på nivå fire og fem.
Sprint-Jeløy var særleg kjend for kvinnelaget som i 1980-90-åra var eit av Noregs beste med spelarar som Heidi Støre, Liv Strædet og Agnete Carlsen i fremste rekke. Laget vart noregsmeister fire år på rad, 1985-88, og seriemeister i 1990 og 1993. Sprint-Jeløy avvikla kvinnefotballen i 1997.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sportsklubben Sprint-Jeløy» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- heimeside Arkivert 2016-04-22 ved Wayback Machine.