Agrínio
Lokalt namn Αγρίνιο

Utsyn over Agrínio
Geografi
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°37′N 21°24′E / 38.617°N 21.400°E / 38.617; 21.400
Areal 1 246,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Vest-Hellas
Etoloakarnanía
Hovudsete Agrínio (48 924 innb.)
Demografi
Folketal 89 691 (2021[1])
Folketettleik 71,9 /km²

Agrínio (gresk Αγρίνιο, eldre form Agrinion, latinsk Agrinium) er ein kommune og ein by i periferieininga Etoloakarnanía i Vest-Hellas i Hellas, den største byen i periferieininga.

Busetnaden i Agrínio går tilbake til antikken. Antikkens Agrínio låg 3 km nordaust for dagens by. Nokre murar og grunnmurar er grave ut i nyare tid. I mellomalderen og fram til 1925 vart området kalla Vrakhóri (Βραχώρι).

Store delar av innbyggjarane var ei stund tobakksbønder på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet.

Administrativ inndeling

endre
 
Den tidlegare kommunen Agrínio, no kommunaleininga Agrínio

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei ti tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 89 691 innbyggjarar, medan kommunaleininga Agrínio hadde 60 609 og tettstaden med same namn 48 924 innbyggjarar.[1]

Historie

endre

I følgje gresk mytologi vart byen bygd av kong Agrios, Thestievs sin son. Han vart øydelagd av Kassander i 314 fvt.

I perioden under Det osmanske riket var området stort sett busett av tyrkarar. I 1585 vart byen forlaten under opprøret til Theodoros Migas. På byrjinga av 1700-talet vart han administrativt senter for Etoloakarnanía (då som eit sanjak kalla Karleli). Byen var delaktig i den greske sjølvstendekrigen. Han vart mellombels frigjort 11. juni 1821 og vart ein permanent del av Hellas i 1830 etter Konstantinopeltrakataten.

Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange innbyggjarar frå Vesleasia til byen.

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Agrínio Agrínio 46 899 48 924
Ájos Konstandínos Agrínio 6 534 6 194
Kenoúrjo Thestiís 2 790 2 596
Panetólio Thestiís 2 935 2 560
Lepenoú Strátos 2 090 1 725
Dokími Agrínio 1 664 1 476
Triandéika Neápoli 1 484 1 388
Mataránga Arákynthos 1 344 1 283
Neápoli Neápoli 1 442 1 266
Megáli Khóra Neápoli 1 408 1 238
Angelókastro Angelókastro 1 220 1 010
Paravóla Paravóla 1 118 961
Strátos Strátos 979 860
Kalývia Agrínio 965 847
Gavaloú Makrynía 1 018 822
Pappadátes Arákynthos 1 077 804
Zevgaráki Arákynthos 781 712
Grammatikoú Arákynthos 802 667
Néa Avórani Thestiís 751 623
Pandanássa Paravóla 531 547
Ájos Andréas Makrynía 574 478

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre