Opna hovudmenyen
Periferieininga Etoloakarnanía
Περιφερειακή ενότητα Αιτωλοακαρνανίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Hellas
Hovudstad Mesolóngi
Folketal 210 802 (2011[1]) Rangering 8.
Areal 5 461 km² Rangering 1.
Folketettleik 39/km²
Kommunar 7
Postnummer 30x xx
Retningsnummer 263x0, 264x0
Bilnummer AI, ME
Heimeside www.aitoloakarnania.gr

Periferieininga Etoloakarnanía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αιτωλοακαρνανία, Periferiakí enótita Etoloakarnanías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas.[2] Hovudstaden i periferieininga er Mesolóngi av historiske årsaker, men den største byen og det økonomiske senteret er Agrínio. Tilgrensande periferieiningar er Árta i nord, Evrytanía i nordaust, Fokída i søraust og Fthiótida i aust. Området er i dag òg forbunde til Préveza med tunnel under munningen av Amvrakiabukta (Ártabukta) og til Akhaía og Peloponneshalvøya via Río-Andírio-brua.

GeografiEndra

Den lengste elva er Akhelóos, som renn gjennom ein frodig dal. Den nest lengste elva er Évinos. Andre elvar er Ermítsa, Ínakhos og Mórnos. Av fjell finn ein Panetolikó i nordaust, Akarnanikó og Váltos i nordaust, Makrynóros heilt i nord, Nafpaktíafjella i søraust, Arákynthos og Krávara i sør og Lidoríki.

Av innsjøar finn ein Lysimakhíasjøen, Ozeróssjøen og Trikhonídasjøen. Reservoaret Kremastá har vore den største kunstige innsjøen i Hellas sidan 1970.

HistorieEndra

Området vart ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen i 1821. I hundreåra før dette var det okkupert av Det osmanske riket. I starten inkluderte prefekturet òg Evrytanía, før det vart skild ut til eit eige prefektur.

Administrativ inndelingEndra

Byar og tettstaderEndra

ReferansarEndra

KjeldeEndra