Agva Kraft AS er ein norsk kraftleverandør som tilbyr straum til privatmarknaden. Selskapet vart stifta 15. januar 2015,[1] og held til på Lysaker i Bærum og er dotterselskap til Telinet Energi AS

Gjennom ordninga med opphavsgarantiar kjøper Agva Kraft utelukkande inn straum frå fornybare kjelder. Dette inneber at 100 % av kraftinnkjøpet går til produsentar av fornybar energi. Ifølgje NVE var det i 2014 berre 9 % som gjekk til fornybar energi. Selskapet har vore aktive forkjempere for opphavsgarantiar i den offentlege debatten om bruk av opphavsgarantiar som verkemiddel for å fremja fornybar energi.

Forbrukerrådet lanserte 1. august 2015 ein ny straumprisportal der Agva Kraft er lista med produkta sine.

I mai 2016 starta selskapet leveranse òg til føretak.[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre