Fornybar energi viser til energikjelder som ikkje tek slutt om menneskja bruker av dei. Energikjeldene er naturressursar med kontinuerleg energitilførsel, dei fleste med opphav i solenergi, men også jorda sin eigen varme og månen si tiltrekkingskraft på tidvatn. Fornybar energi kan utnyttast direkte eller foredlast til andre former for energi. Motstykket til fornybar energi er ikkje-fornybar energi, der bruk av avgrensa naturressursar fører til at energikjelden kan brukast opp innanfor ei tidsramme på frå eit titals til eit hundretals år.

Fornybar energi blir rekna som meir miljøvennleg ettersom mange av dei ikkje fører til utslepp av drivhusgassar eller andre ureiningar slik fossilt brensel gjer, eller radioaktivt avfall slik kjerneenergi gjer. Han er også sett på som meir berekraftig enn ikkje-fornybar energi, ettersom utnyttinga av dei fornybare energikjeldene ikkje fører til utarming av dei. Kjeldene er også meir jamnt fordelt geografisk, og kan ofte utnyttast lokalt.

Menneske har brukt fornybare energikjelder gjennom størsteparten av historia, i form av bioenergi (særleg ved), hand- og dyrekraft, jordvarme, vind- og vasskraft. Nokre av desse er blitt forbetra i nyare tid, samstundes som ein har utvikla andre fornybare energikjelder, fordi ein ønskte alternativ til ikkje-fornybar energi.

Ulike fornybare energikjelder endre

Solenergi endre

 
Utnytting av solenergi gjennom solcellepanel, solfangarar og takvindauge.

Energien frå solstrålinga som treffer jordoverflata, er fleire tusen gonger større enn energibehova til menneskja. Noko av energien kan haustast direkte, anten gjennom å utnytta solvarme til oppvarming eller ved å omforma strålane til elektrisk energi i solceller eller i termiske solkraftverk.

Solvarme kan brukast til oppvarming av vatn og bygningsmasse mange stader i verda. Også i område med mindre tilgang på solstråling, som i Noreg, kan solvarme bidra til oppvarming, til dømes gjennom sørvende vindauge og i spesialiserte solfangarar for oppvarming av vatn.

Solstrålinga kan også omformast til elektrisk straum gjennom solceller. Ein har lenge brukt solceller på stader som ikkje er tilknytte elektriske nett, til dømes på hytter og fyr. Solceller i stor skala er likevel framleis eit dyrt alternativ i høve til andre typar elektrisitetsproduksjon.

Energien frå sola gjev også opphav til bioenergi, nedbør, vind og bølgjer, som kan nyttast som energikjelder på andre måtar.

Vasskraft endre

 
Småkraftverk i Sveits.

Vasskraft er energi avleidd frå fallpotensialet til vatn som har falle som nedbør over land. Ofte driv ein ut vasskraft gjennom å demma opp vatn og samla det i reguleringsmagasin, for deretter å tilføra det til vasskraftverk etterkvart som det trengst. Ein kan også bruka småkraftverk der ein gjerne ikkje demmer opp vatnet.

Vasskraft står i dag for eit av dei rimelegaste alternativa innan produksjon av elektrisk kraft, og stod i 2006 for rundt 15% av elektrisitetsproduksjonen i verda. I Noreg står vasskraft for rundt 99 % av produksjonen.

Vasskraft frå magasinkraftverk og pumpekraftverk kan nyttast saman med andre typar fornybar energi, då produksjonen slik lett kan regulerast i takt med etterspurnad og tilgjenge på elektrisitet i systemet.

Vindkraft endre

 
Lillgrund vindkraftpark i Øresund.

Vind blir danna av trykkforskjellar i atmosfæren. Ein har nytta vindkraft i hundrevis av år til drift av møller og pumper, men over dei siste åra har ny teknologi for produksjon av elektrisitet frå vind vorte vanleg. Ein omdannar vind til elektrisitet i vindturbinar.

Energi frå vindkraft har i utgangspunktet potensial til å dekke heile verda sitt energiforbruk, men det gjev problem i høve til lagring av energi, då vindkraft, i motsetnad til vasskraft og til ei viss grad fossile energiverk, ikkje kan regulerast.

Vindkraft representerer i dag ein relativt rimeleg form for elektrisitetsproduksjon, og mange land har ein relativt høg del vindkraft.

Bioenergi endre

 
Biogasskraftverk i Austerrike.

Bioenergi viser til energi frå biomasse, til dømes plantemateriale som ved, sagflis, planteoljer, avføring og anna biologisk avfall. Så lenge tilveksten av biomasse er like stor som det ein tek ut, er energikjelden rekna som forbybar. Bioenergi har opphav i solenergi som blir omskapt av plantar gjennom fotosyntese.

Den enklaste forma for utnytting av bioenergi er gjennom open forbrenning. Eld har gjeve nyttig varme til menneska gjennom tusenvis av år, og blir framleis nytta til matlaging og oppvarming av bustader fleire stader. Nyare måtar å nytta bioenergi på er mellom anna som biodrivstoff, biogass og fjernvarme.

Geotermisk energi endre

 
Wairakei kraftverk på New Zeland nyttar geotermisk energi.

Geotermisk energi eller jordvarme viser til energien som finst inne i jorda. Denne energien sig sakte ut til jordoverflata, og kan brukast som energikjelde. Den enklaste utnyttingsmåten er å bruka vatn som er varma opp av jordvarmen til oppvarming. Varmt vatn eller damp kan også nyttast i kraftverk til å laga elektrisitet.

Tradisjonelt har ein berre brukt geotermisk energi i område der han er lett tilgjengeleg, som i område med høg vulkansk aktivitet eller med porøse sedimentære bergartar. Nyare teknologi som nyttar noko kaldare varmekjelder eller borehol har opna for utvinning fleire stader.

Kjelder endre