Aiguille du Chardonnet

Aiguille du Chardonnet er eit 3 824 meter over havet høgt fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane. Fjellet reiser seg mellom to isbrear, Glacier du Tour og Glacier d'Argentière i departementet Haute-Savoie. Aiguille du Chardonnet er grannefjell til Aiguille d'Argentière, dei to fjelltoppane hevar seg 500 meter opp frå skardet som skil dei. Landegrensa mot Sveits går straks aust for fjelltoppen.

Aiguille du Chardonnet
fjell
Aiguille du Chardonnet (til venstre) og Aiguille d’Argentière sett frå vest
Land  Frankrike
Fjellkjede Mont Blanc-massivet
Høgd 3 824 moh.
Primærfaktor 503 m
Førstestiging Robert Fowler, Michel Balmat og Michel Ducroz
 - dato 20. september 1865
Koordinatar 45°58′8″N 7°0′5″E / 45.96889°N 7.00139°E / 45.96889; 7.00139
Kart
Aiguille du Chardonnet
45°58′08″N 7°00′05″E / 45.968986111111°N 7.0014277777778°E / 45.968986111111; 7.0014277777778
Wikimedia Commons: Aiguille du Chardonnet

Tre mann, ein brite og to franskmenn, var dei fyrste på toppen den 20. september 1865.

Kjelder

endre