Aina Borch

norsk politikar

Aina Borch (fødd 1970) har vore ordførar i Porsanger kommune i Finnmark sidan 2015.[1] Ho vaks opp i Havøysund,[2] men etter fullført lærarutdanning på Alta lærarskule i 1994, fór ho til Lakselv som lærar ved Lakselv barneskule.

Aina Borch
Fødd1970 (54 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Porsanger (2015–2023) Sjå dette på Wikidata

Aina var lærar fram til år 2000, etter dette byrja ho som prosjektleiar for Ung Info og kulturkonsulent i kommunen. I 2004 vart ho dagleg leiar for Porsanger i vekst. Frå 2007 var ho fylkessekretær for Finnmark Arbeidarparti i eitt år. Deretter var ho rådmann i Måsøy kommune frå 2009 til våren 2012. Då kom ho tilbake til Lakselv som helse-og omsorgssjef og fungerande rådmann i Porsanger. Etter dette vikariatet vart ho på nytt fylkessekretær for Arbeidarpartiet eit år før ho fekk eit halvt års engasjement som dagleg leiar i Indre Finnmark Utviklingsselskap.

I 2005 etablerte Aina Borch sitt eige selskap Inspiranor. Dette dreiv ho i ti år til ho vart vald til ordførar i 2015

Kjelder endre

  1. «Hva mener Aina Borch (A)?». Henta 28. oktober 2019. 
  2. «AINA BORCH», Arbeiderpartiet (på norsk bokmål), henta 11. november 2022