Havøysund
Havøysund (nordsamisk Ávanuorri) er ein tettstad som er kommunesenter i Måsøy kommune, nord i Finnmark. Fiskeværet ligg på Havøya på den nordlegaste breiddegraden i Finnmark, «71 gradar nord». Tettstaden hadde 976 innbyggjarar i 2017.[1]
Havøysund | |||
tettstad | |||
Havøysund
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
Areal | 0,63 km² | ||
Folketal | 917 (2024) | ||
Folketettleik | 1 456 / km² | ||
Postnummer | 9690 HAVØYSUND | ||
![]() Havøysund 70°59′46″N 24°39′43″E / 70.996111111111°N 24.661944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Havøysund |
I 1944 vart all busetnad i Havøysund rasert av dei attendetrekkjande tyske troppane. Staden voks likevel til etter andre verdskrigen.[2]
Havøysund kyrkje frå 1961 er ei langkyrke i armert betong.[2]
Næringsliv
endreHavøysund er eit fiskevær der den viktigaste næringsvegen er fiske, med to store fiskeindustribedriftar og det nordlegaste klippfisketørkeriet i Noreg.
Norsk Hydro har bygd ein vindmøllepark på Havøya som ligg nordvest for tettstaden. Parken har vorte eit landemerke for sjøfarande, og er den nordlegaste i verda med 16 einingar. Vindmøllene ligg på Gavlen, kor utkikkspunktet Arctic View gjer utsikt ut i Barentshavet, og til det arktiske øyriket omkring.
Transport
endreHavøysund har hatt brusamband med fastlandet over Havøysundbrua sidan 18. august 1986, då ho blei offisielt opna av kong Olav V. I 2012 vart riksveg 889, mellom Kokelv og Havøysund, ein nasjonal turistveg (fylkesveg 889). Næraste flyplass er Lakselv, med busssambinding til Havøysund via Olderfjord. Staden har sør- og nordgåande hurtigrutesamband om morgonen kvar dag, mellom Honningsvåg og Hammerfest.
Kjelder
endre- ↑ Statistisk sentralbyrå (1 January 2017). «Urban settlements. Population and area, by municipality».
- ↑ 2,0 2,1 Askheim, Svein (30. desember 2019). «Havøysund». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- Denne artikkelen byggjer på «Havøysund» henta frå Wikipedia på bokmål, «Havøysund» henta frå Wikipedia på tysk 28. mai 2005. og «Havøysund» henta frå Wikipedia på engelsk.
Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |