Ainab
Ainab er ein by i Libanon i vestsida av fjella aust for Beirut og Middelhavet. Han ligg 750 meter over havet i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement.
Ainab | |||
عيناب | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Aley distrikt | ||
Høgd | 750 moh. | ||
Koordinatar | 33°45′56.95″N 35°32′55″E / 33.7658194°N 35.54861°E | ||
Areal | 1 km² | ||
Folketal | 3 000 (2004) | ||
Folketettleik | 3 000 / km² | ||
Borgarmeister | Fouad Shaar | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Ainab 33°45′57″N 35°32′55″E / 33.765819°N 35.548611°E | |||
Kart som viser Ainab.
| |||
Wikimedia Commons: Ainab | |||
Nettstad: http://www.ainabkommune.gov.lb/ainab/index.htm |
Historie
endreKommunen vart skipa i 1910 og var ein av dei første i Aley distrikt.[1]
Ainab var åstad for fleire kampar før og under den libanesiske borgarkrigen. I Libanonkrisa i 1958 kjempa drusarar under Kamal Jumblatt og den libanesiske staten om kontroll over landsbyen.[2] Under den israelske invasjonen (den libanesiske krigen i 1982), gjekk det israelske forsvaret inn i og nær Ainab i kampane mellom drusarane sitt Progressiv sosialistparti og det kristne Kataeb-partiet.[3] I mars 1989 vart ein skuleplass i byen råka av eit israelske luft-til-bakkemissil under bombeåtak mot ein base for Demokratisk front for frigjering av Palestina (DFLP) i Shemlan. Meldingar kom om at tre menneske mista livet og 22 skulebarn vart skadde,[4] eller at to DFLP-soldatar vart drepne, ein sivil og 23 av 75 skuleelevar skadde.[5] Seinare på året gjekk israelske fly igjen til åtak i eit hemnåtak for eit bombeåtak på Nord-Israel.[6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ainab» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ainab Municipality». Ainab Municipality. 2008. Henta September 14, 2009.[daud lenkje]
- ↑ A.A.P. Reuters (August 3, 1958). «Rebellion is «purely an internal affair"». The Age. s. 4.
- ↑ Associate Press (November 21, 1982). «Building Bombed in Sidon». Eugene Register-Guard. s. 6A.
- ↑ Hijazi, Ishan A (March 1, 1989). «Israeli Bomb Hits Lebanon School». New York Times. s. 6. Henta 20. august 2014.
- ↑ Reuters (March 2, 1989). «Shrapnel from israelske air raid hits school, 23 children hurt». New Straits Times Malaysia. s. 10.
- ↑ Associated Press (July 15, 1986). «israelske aircraft rocket and bomb Palestinian guerrilla positions». Pittsburgh Post-Gazette. s. 3.