Air Force One
Air Force One er kallesignalet som vert nytta over radioen når presidenten i USA er ombord på eit av det amerikanske flyvåpenet sine luftfartøy. Når presidenten oppheld seg ombord på eit av fartøya til flyvåpenet, er dette fartøyet altså per definisjon «Air Force One».
Omgrep
endreTilsvarande vert omgrepet «Navy One» nytta om det fartøyet som presidenten er til stades i dersom det høyrer til marinen, «Marine One» om det høyrer til marineinfanteriet, «Army One» om det høyrer til hæren og «Coast Guard One» om det høyrer til kystvakta.
Når uttrykket «Air Force One» ofte vert knytt til eit bestemt fly, skuldast det at presidenten normalt reiser rundt med eit av flyvåpenet sine to ombygde Boeing 747-fly. Desse flya er stasjonert på Andrews Air Force Base. Dei er tufta på modellen 747-200B, med den militære nemninga VC-25A. Det eine flyet har nummeret 28000 måla på halen, og det andre har nummeret 29000 måla på halen.
Besøk i Noreg
endreAir Force One var på besøk i Noreg ved den dåverende amerikanske presidenten Bill Clinton sitt besøk 1. november 1999.
Flyet «29000» var på Gardermoen 10. og 11. desember 2009. Då mottok USA sin president Barack Obama, Nobels fredspris i Oslo.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |