Oslo Lufthamn

(Omdirigert frå Oslo lufthamn, Gardermoen)

Oslo Lufthamn (IATA: OSL, ICAO: ENGM), tidlegare kjend som Oslo Lufthamn, Oslo Lufthamn, Gardermoen, Gardermoen og OSL, er den største og mest trafikkerte lufthamna i Noreg.[1][2] Lufthamna ligg på Romerike nord for Oslo, for det meste på Gardermoen i Ullensaker kommune, men har òg areal i grannekommunen Nannestad.

Oslo Lufthamn
Oslo Airport3.jpg
Opna8. oktober 1998

Oslo Lufthamn
60°11′38″ N 11°6′1″ E
Oslo Lufthamn
Jarnbanestasjonen på Oslo Lufthamn.

Norwegian, SAS og Widerøe har base på Gardermoen. Gardermoen har to parallelle rullebanar som er høvesvis 3 600 m (01L/19R) og 2 950 m (01R/19L) lange, og 71 flyoppstillingsplassar. Gardermoen flystasjon utgjer den militære delen av lufthamnsområdet og er driven av Luftforsvaret.

Jarnbanelina mellom Oslo og Hamar passerer lufthamna, med stasjon under ekspedisjonsbygningen, der både langdistansetoga og lokaltoga på denne strekninga stoggar. Her er dessutan særskild stasjon for høgfartstoget Flytoget mellom lufthamna og Drammen, med stopp på dei store stasjonane undervegs, mellom andre Oslo Sentralstasjon og Nationaltheatret stasjon i Oslo sentrum.

I tidlegare tider var det ekserserplass for kavaleriet på eit av areala der Oslo Lufthamn ligg no. Under den andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta ein militær flyplass med to rullebaner og hangarar på området, og etter krigen vart denne flyplassen ein av basane for det norske luftforsvaret. På slutten av 1980-talet vart Gardermoen meir og meir nytta til sivil luftfart ved at chartertrafikken vart flytte over hit for å avlaste Oslo lufthamn, Fornebu i Bærum kommune vest for Oslo, som då var hovudflyplassen for Oslo. Somme langdistanseruter til utlandet vart òg flytta til Gardermoen med tida, av di rullebana på Fornebu vart i stuttaste laget for dei store flya som vart teke i bruk, medan rullebana på Gardermoen var lang nok. Lufthamna på Gardermoen opna i si nye form med to rullebaner i 1998, samstundes som Oslo lufthamn, Fornebu vart lagd ned.

Terminalbygget vart utvida i 2017 for å auka kapasiteten. Det fekk ein ny pir, 21 nye butikkar og 37 nye restaurantar og barar. Utvidinga vart offisielt opna 27. april 2017. Bygget vart totalt sett rundt dobbelt så stort i areal som tidlegare, og kapasiteten auka til 40 millionar reisande årleg.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra