Air France er eit fransk flyselskap med hovudkontor i Paris. Selskapet er eit dotterselskap av Air France-KLM-gruppa. Hovudbasane til selskapet er på Orly lufthamn og Charles de Gaulle internasjonale lufthamn, begge i Paris, med ein mindre base på Saint-Exupéry internasjonale lufthamn i Lyon.[3]

Air France


BransjeLufttransport
Skipa30. august 1933
Forgjengar(ar)Société Générale des Transports Aériens
Eigenandel iAir France Madame
HovudkontorCharles de Gaulle internasjonale lufthamn, Paris
LandFrankrike[1]
TenesterAirbus A380,[2] Boeing 747 Dreamlifter, Concorde, Douglas DC-3, Douglas DC-4, Douglas DC-6
Nettstadhttps://www.airfrance.com/

Air France opererer òg flygingar i Noreg, med ruter frå Oslo lufthamn, Gardermoen og Bergen lufthamn, Flesland til Charles de Gaulle internasjonale lufthamn.

Historie endre

Air France vart stifta i 1933 etter ein fusjon av fleire mindre franske flyselskap. Selskapet starta ruter til fleire europeiske land, og dessutan til dei franske koloniane. Under andre verdskrigen flytta selskapet aktivitetane sine til Casablanca i Marokko. Etter krigen vart selskapet omgjort til eit statleg føretak, og framleis eig den franske staten ein stor del i selskapet, sjølv om staten har selt seg delvis ut av selskapet i dei seinare åra.

I 1976 byrja selskapet saman med British Airways flygingar med Concorde-flyet, ein flytype dei to selskapa fekk lov til at kjøpa for berre 1 pund per stykk etter at ei lang rekkje andre selskap annullerte ordrane sine. Ruta Paris-New York tok 3 timar og 20 minutt med det nye supersoniske flyet. Flyging med Concorde stoppa i 2003, etter at ei ulukke ved avgang frå Paris, der alle om bord døydde, fekk omkostningene til å stiga. Talet på passasjerar hadde også falle ytterlegare etter terrorangrepa 11. september 2001.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. http://www.airlinehistory.co.uk/Europe/France/Airlines.asp; vitjingsdato: 27. juli 2017.
  2. https://www.capital.fr/entreprises-marches/une-commande-ferme-de-60-airbus-a220-300-de-la-part-dair-france-1346276; vitjingsdato: 15. januar 2020.
  3. Flight International 27. mars 2007

Bakgrunnsstoff endre