Airlift er eit norsk helikopterføretak som er basert på Førde lufthamn, Bringeland i Sunnfjord kommune. Det er i dag det leiande helikopterselskapet i Noreg. Airlift er eigd av Blueway, som igjen er eigd av Reiten & Co, Skogstad Corporate og Helicopter Transportation Group.

Eit Airlift-helikopter står parkert på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.

Om verksemda endre

Airlift har i dag ein flåte på 17 helikopter, og om lag 80 tilsette.[1] I tillegg til hovudbasen på Bringeland, har Airlift basestasjonar i Kinsarvik og på Longyearbyen.

Verksemda vart skipa av Thorbjørn Lie i 1986 under namnet Eeg-Henriksen helikopter. Airlift tok over kontrakten med flyging for Sysselmannen på Svalbard frå Helikopterservice AS i 1996. I 1999 kjøpte dei opp Helikopterteneste AS, som var basert i Kinsarvik i Hardanger. Airlift hadde kontrakt med Rikstrygdeverket om luftambulanseflyging med helikopter fram til 2002, då Norsk luftambulanse tok over denne tenesta.

Ulukker endre

Airlift har ein lei ulukkesstatistikk. Dei har vore involvert i 9 ulukker i tidsrommet 1996 - 2011, der til saman 13 personar omkom. Den mest alvorlege Airlift-ulukka til no, er helikopterulukka ved Dalamot 2011, den 4. juli, då alle dei fem ombord omkom.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Airlift.no: Om Airlift, arkivert frå originalen 7. september 2011, henta 11. februar 2012 
  2. VG, 05.07.11: 18 døde på 15 år i helikopterulykker