Førde lufthamn, Bringeland

Førde lufthamn, Bringeland er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Flyplassen ligg på Bringeland i Sunnfjord kommune, og ligg kring 16 kilometer frå Førde sentrum. Flyplassen vart opna 30. august 1986 av statssekretær Åshild Bendiksen. Flyselskapet Widerøes Flyveselskap driv ruteflyging til lufthamna.

Foto: Einar Fond

Då flyplassen vart opna avløyste han ein flyplass på Øyrane i Førde kommune. Flyplassen på Øyrane vart opna i 1971, men fekk berre mellombels driftsløyve på grunn av plasseringa midt i eit industriområde.

BakgrunnsstoffEndra