Aisja bint Abu Bakr (arabisk عائشة `ā'isha, 'ho som lever') var ei av konene til profeten Muhammed. Ho er ein viktig og omstridd person innan muslimsk historie, mellom anna fordi ho stod imot Ali ibn Abi Talib som blir sett på som den første imamen av sjiamuslimar.

Aisja

Statsborgarskap Rashidun-kalifatet, Omajadekalifatet
Fødd 614
Mekka
Død

ca. 13. juli 678
Medina

Yrke lyrikar
Religion Islam
Far Abu Bakr
Mor Fatima bint Zaid
Ektefelle Muhammed
Aisja på Commons

Aisha ha vorte gift med profeten då ho var 6 eller 7 år gammal.[1] Ekteskapet skal ha vorte fullbyrda då ho var 9 år gammal. Ho var yndlingskona til profeten, sjølv om aldersforskjellen dei imellom var meir enn 40 år.[2]

Kjelder

endre
  1. Spellberg, Denise A (1994), Politics, gender, and the Islamic past: the Legacy of ʻAʼisha bint Abi Bakr (på engelsk), Columbia University Press, ISBN 978-0-231-07998-3, OCLC 30666482, henta 5. november 2021 
  2. Dashti, Ali; Bagley, F. R. C (2013), Twenty-three years: a study of the prophetic career of Mohammad, Taylor and Francis, ISBN 978-1-135-03042-1, OCLC 827206946, henta 5. november 2021 
  Denne islamartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.