Medina
المدينة المنورة, Al-Madīnah al-Munawwarah, Yathrib
by
Al-Nabawi-moskeen
Land  Saudi-Arabia
Region Al Madinah
Høgd 608 moh.
Koordinatar 24°28′N 39°36′E
Areal 589 km²
Folketal 1 180 770  (2010)[1]
 - by 918 489
Folketettleik 2 005 / km²
Borgarmeister Khalid Taher
 - Regionsguvernør Faisal bin Salman bin Abdulaziz Al Saud
Tidssone Arabisk standardtid (UTC+3)
Kart
Medina
24°28′ N 39°37′ E
Wikimedia Commons: Medina

Medina (arabisk المدينة, al-Madīnah eller المدينة المنورة, al-Madīnah al-Munawwarah) er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia, og hovudstad i Al Madinah-regionen i Saudi-Arabia. Her ligg Profetmoskeen (al-Masjid an-Nabawi), som er gravplassen til den islamske profeten Muhammed, og han er den nest heilagaste byen i islam etter Mekka. Medina ligg 340 km nord for Mekka og kring 190 km frå kysten av Raudehavet. Han ligg i den mest frodige delen av Hejaz, og elvar i området flyt saman i dette området. Ei enorm slette strekkjer seg mot sør. I 2006 hadde byen Medina kring 1,3 millionar innbyggjarar.

Medina er kjend for Profetmoskeen og som byen som gav tilflukt til profeten og følgjesveinane hans. Medina var staden Muhammed drog etter si utferd frå Mekka (hidjra). Han vart hovudstaden i det stadig veksande muslimske riket, først under Muhammed, og så under dei første tre Rashidun-kalifane Abu Bakr, Umar og Uthman. Medina var maktbasen til islam dei første hundreåra, der det tidlege muslimske samfunnet utvikla seg. Her ligg dei tre eldste moskéane i verda, nemleg Quba-moskeen, Nabawi-moskeen,[2] og Qiblatayn-moskeen («to qibla-moskeen»). Muslimane at dei kronologisk siste suraene i Koranen vart openberra for profeten i Medina.[3][4] Muhammed vart gravlagd i Medina, under Den grøne kuppelen, og det same vart dei to første Rashidun-kalifane, Abu Bakr og Umar, som vart gravlagde ved sidan av han i det som vert kalla profethuset.[5]

På grunn av den religiøse politikken til den saudiarabiske staten, og uro for at historiske stader skal verte eit fokus for tilbeding, har mange av dei historiske islamske byggverka i Medina blitt øydelagd sidan saudiarabarane tok over makta i området. Som for Mekka, har ikkje ikkje-muslimar løyve til å gå inn i den heilage kjernen av Medina eller sentrum, men forbodet gjeld ikkje heile byen.[6][7][8]

Etymologi endre

Det arabiske ordet al-Madīnah (المدينة) tyder berre «byen». Alternative namn er al-Madīnah an-Nabawīyah (المدينة النبوية) eller Madīna-tu an-Nabī, «byen til profeten», eller al-Madīnatu 'l-Munawwarah (arabisk المدينة المنورة «den opplyste byen»).

Før islam kom til staden vart byen kalla Yathrib (يثرب). Ordet Yathrib er nedskrive i suren al-Ahzab i Koranen. Byen vert òg kalla Taiba (طيبة).

Medina i islam endre

Den religiøse statusen til Medina kjem av Proefetmoskeen. Grava til profeten Muhammed vart seinare ein del av moskéen då han vart utvida av omajade-kalifen Al-Walid I. Fjellet Uhud er eit fjell nord for Medina som var åstad for det andre slaget mellom muslimske styrkar og styrkar frå Mekka.

Den første moskeen som vart bygd i tida til Muhammed ligg òg i Medina og vert kalla Quba-moskeen. Han vart øydelagd av eit lynnedslag, truleg kring 850, og gravene vart nesten gløymd. I 892 vart staden rydda, gravene vart funnen att og ein fin moské vart bygd opp att. Denne vart øydelagd av ein brann i 1257 og bygd opp att kort tid etter. Han vart restaurert av Qaitbay, ein egyptisk herskar, i 1487.[9]

Masjid al-Qiblatain er ein annan moské som er historisk viktig for muslimar. Det er her profeten endra retninga for bøna (qibla) frå Jerusalem til Mekka i følgje sunni-hadithar.[10]

Gravene til Fatimah (dotter til Muhammed) og Hasan (barnebarnet til Muhammed), ved sidan av moskéen ved Jannat al-Baqi, og Abu Bakr (den første kalifen og far til kona til Muhammed, Aisha), og Umar (Umar ibn Al-Khattab), den andre kalifen, låg òg her. Moskeen er datert attende til tida til Muhammed, men har to gonger brend ned og bygd opp att.[9]

Som Mekka har berre muslimar løyve til å kome inn i delar av byen Medina, men haramen (området lukka for ikkje-muslimar) i Medina er mykje mindre enn det tilsvarande området i Mekka, og mange anlegg i utkanten av Medina er opne for ikkje-muslimar, medan heile Mekka-området er lukka for ikkje-muslimar. Mange muslimar vitjar dei mange moskeane i begge byane under sin umrah (den andre pilegrimsreisa etter hajj). Hundretusenvis av muslimar kjem til Medina kvart år for å vitje grava til profeten. Al-Baqi' er ein viktig gravplass i Medina der fleire av familiemedlemmane til Muhammed, kalifar og lærde ligg gravlagd.

Historie endre

Jødisk påverknad endre

På 300-talet byrja arabiske stammer å kome til området frå Jemen, og det var tre viktige jødiske stammer som var busett i byen på 600-talet: Banu Qaynuqa, Banu Qurayza og Banu Nadir.[11] Ibn Khordadbeh skreiv seinare at medan persarane styrte over Hejaz, tente Banu Qurayza som skatteinnsalmararfor sjahen.[12]

Historiske Medina

Situasjonen endra seg då to nye arabiske stammer kalla frå Banu Aus (eller Banu 'Aws) og Banu Khazraj frå Jemen. Først var desse stammene allierte med dei jødiske herskarane, men seinare gjorde dei opprør og vart sjølvstendige.[13] Mot slutten av 400-talet, mista dei jødiske herskarane kontrollen over byen til Banu Aus og Banu Khazraj. Jewish Encyclopedia skriv at «ved å hente inn støtte frå utsida og massakrere dei viktigaste jødane under ein middag», fekk Banu Aus og Banu Khazraj omsider makta i Medina.[11]

Den tidlege muslimske historikaren Ibn Ishaq fortel om ein førislamsk konflikt mellom den siste jemenittiske kongen av Himjar[14] og innbyggjarane i Yathrib. Då kongen passerte oasen, tok innbyggjarane livet av sonen hans, og den jemenittiske herskaren truga med å utslette folket og hogge ned palmane. I følgje Ibn Ishaq vart han stoppa frå å gjere dette av to rabbinarar frå Banu Qurayza-stamma, som bad kongen spare oasen fordi det var staden der «ein profet frå Quraysh skal kome her med tida, og det vil vere heimen og kvilestaden hans.» Den jemenittiske kongen øydela derfor ikkje byen og konverterte til jødedom. Han tok rabbiane med seg og i Mekka skal dei ha vedteke Ka'ba som eit tempel bygd av Abraham og rådde kongen «til å gjere det folket i Mekka gjorde, gå i ring rundt tempelet, æra det, barbere hovudet og oppføre seg audmjukt til han hadde forlate området.» Då dei prøvde å vende om Jemen, fortel Ibn Ishaq, demonstrerte rabbiane for dei lokale innbyggjarane eit mirakel der dei kom uskadd ut av ein eld og jemenittane aksepterte jødedomen.[15]

Til slutt vart Banu Aus og Banu Khazraj fiendar og under Muhammed sin hidjra (vandring) til Medina i år 622/1 e.h., hadde dei sloss i 120 år og var svorne fiendar av kvarandre.[16] Banu Nadir og Banu Qurayza var allierte med Aus, medan Banu Qaynuqa tok Khazraj si side.[17] Dei utkjempa i alt fire krigar.[13]

Det siste og blodigaste slaget deira var slaget ved Bu'ath[13] som vart utkjempa eit par år før Muhammed kom.[11] Slaget endte uavgjort og feiden heldt fram. Abd-Allah ibn Ubayy, høvdingen til Khazraj, hadde nekta å ta del i slaget, noko som gav han eit rykte om rettkjensle og fred. Før Muhammed kom var han dem est respekterte innbyggjaren i Yathrib. For å løyse den pågåande feiden møtte uroa innbyggjarar frå byen Muhammed i løyndom i Aqaba, og inviterte han og følgjesveinane hans til Yathrib, der han kunne fungere som meklar mellom dei to fraksjonane.

Muhammed kjem til Medina endre

I 622 evt./1 AH kom Muhammed og kring 70 følgjesveinar frå Mekka til Yathrib. Dette omforma det religiøse og politiske landskapet i byen fullstendig. Den langvarige striden mellom Aus og Khazraj vart dempa då mange av frå dei to arabiske stamme og somme lokale jødar konverterte til islam. Muhammed vart vald som leiar i byen. Folka frå Yathrib som konverterte til islam vart kalla ansar («vernarane» eller «hjelparane»).

I følgje Ibn Ishaq, signerte dei lokale heidenske, arabiske stammene, dei muslimske følgjesveinane frå Mekka, dei lokale muslimane (ansar) og den jødiske folkesetnaden i området ein avtale, kalla Medinakonstitusjonen, der alle partar skulle samarbeide under Muhammed. Dokumentet er omstridd, og mange vestlege historikarar meiner at avtalen var ei samling av forskjellige avtalar, dei fleste munnlege, medan andre forskarar, både muslimske og vestlege, hevdar at teksten, om det var eit enkelt dokument eller fleire, kan han vore den eldste islamske teksten som finst.[18]

Hovudstad for tidleg islam og kalifatet endre

Gammal avbilding av Medina under osmanarane.

I dei ti åra etter hidjra var Medina basen Muhammed og den muslimske hæren hans nytta til å gå til åtak, og bli angripen, og det var frå her han marsjerte mot Mekka, og gjekk til kamp mot byen i 629 evt./8 AH. Etter dette, trass i at Muhammed kom frå Mekka og at heilagdomen kaba ligg her, vendte Muhammed attende til Medina, som i fleire år vart verande den viktigaste byen i islam og hovudstaden i det tidlege kalifatet.

Yathrib fekk namnet Medina frå Madinat al-Nabi («Byen til profeten» på arabisk) til ære for Muhammed, som døydde der. Lucien Gubbay har føreslått at det òg kan kome frå arameiske ordet Medinta, som dei jødiske innbyggjarane kan ha kalla byen.[19])

Under dei første tre kalifane, Abu Bakr, Umar og Uthman, var Medina hovudstaden i det raskt veksande muslimske riket. Under perioden til Uthman, den tredje kalifen, gjekk ei gruppe arabarar frå Egypt, som var misnøgd med dei politiske avgjerslene hans, til åtak på Medina i 656 evt./35 AH og tok livet av han i sin eigen heim. Ali, den fjerde kalifen, flytta hovudstaden i kalifatet frå Medina til Kufa i Irak. Etter det vart Medina mindre viktig, og fekk meir religiøs enn politisk makt.

Etter oppdelinga av kalifatet kom byen under forskjellige herskarar, inkludert mamelukkanes i Kairo på 1200-talet og til slutt Det osmanske riket i 1517.[20]

Fyrste verdskrigen til saudiarabisk kontroll endre

På byrjinga av 1900-talet, under fyrste verdskrigen, var Medina åstad for ein av dei lengste kringsetjingane i historia. Medina høyrte då til det tyrkiske osmanske riket. Hashemitt-klanen styrte lokalt som sharif eller emir av Mekka. Fakhri Pasha var den osmanske guvernøren i Medina. Ali bin Hussein, sharifen av Mekka og leiaren for den hashemittiske klanen, gjorde opprør mot kalifen i Konstantinopel (Istanbul) og støtta Storbritannia. Byen Medina vart kringsett av styrkane til sharifen og Fakhri Pasha heldt ut omleiringa av Medina frå 1916 til 10. januar 1919. Han nekta å overgje seg og helt ut enno 72 dagar etter våpenkvilen i Moudros, før han vart arrestert av sine eigne menn.[21] I vente av plyndringa og øydelegginga som følgde, fekk Fakhri Pasha sendt bort heilage leivningar frå Medina til Istanbul.[22]

I 1920 skildra britane Medina som «mykje meir sjølvforsørgande enn Mekka.»[23] Etter fyrste verdskrigen vart den hashemittiske Sayyid Hussein bin Ali utnemnd til konge av eit sjølvstendig Hejaz. Kort tid etter, i 1924, vart han slått av Ibn Saud, som innlemma Medina og heile Hejaz i det moderne kongedømet Saudi-Arabia.

Medina i dag endre

Den moderne byen Medina.

I dag er Medina ein viktig regionshovudstad i den vestlege saudiarabiske provinsen Al Madinah, i tillegg til å vere den nest heilagaste byen i islam. I tillegg til den heilage, indre kjernen i gamle byen, som avstengd for ikkje-muslimar, er Medina ein moderne, multietnisk by busett av saudiarabarar og mange utanlandske arbeidarar.

Den historiske byen forma ein oval. Han vr omgjeven av ein kraftig bymur datert til 1100-talet. Muren var kring 10–13 m høg, med tårn på sidene. Ei borg stod på ei klippe. Av dei fire portane var særleg Bab-al-Salam, eller den egyptiske porten, kjend for venleiken sin. Utafor bymurane var det forstader med låge hus, hagar og plantasjar i vest og sør. Desse forstadane hadde òg murar og portar. Nesten heile den historiske byen har blitt øydelagd i saudiarabisk tid. Den gjenoppbygde byen ligg rundt den kraftig utvida Profetmoskeen.

Geografi endre

Jordsmonnet kring Medina består hovudsakleg av basalt, medan åsane, særleg sør for byen, er vulkansk oske som er datert til paleozoikum.

I 1256 vart Medina truga av ein lavastraum frå det siste utbrotet til Harrat Rahat.[24]

Klima endre

Medina har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh). Somrane er særs heite med dagtemperaturar normalt kring 40 °C og nattemperaturar kring 28 °C. Temperaturar over 45 °C er ikkje uvanlege mellom juni og september. Vintrane er milde med temperaturar frå 12 °C om natta til 24 °C om dagen. Det er særs lite nedbør og det meste kjem mellom november og mai.

Vêrdata for Medina
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 32 35,5 40 41,4 46 47 47,5 46,5 46,4 41,5 36 32,2 47,5
Gjennomsnittleg maks °C 23,6 26,1 30,2 33,9 38,9 41,7 39,3 42,2 41 36,4 29,7 25 34
Døgnmiddeltemperatur °C 17,7 19,9 23,8 27,6 32,2 35,8 36 35,9 34,4 29,4 23,4 19 27,9
Gjennomsnittleg min °C 10,6 11,3 15,4 19,8 23,9 26,5 26,4 27,7 25,1 20,9 15,2 11,9 19,6
Lågast målte °C 1 5 7 11,5 14 21,7 22 23 18,2 11,6 9 3 1
Gjennomsnittleg nedbør mm 8 1,2 8,3 11,9 4,6 0,4 0,2 0,3 0,1 1,1 9,2 3,8 49,1
Gns. luftfukt (%) 38 34 28 26 17 13 16 17 17 21 36 40 25
Kjelde: NOAA (1961–1990)[25]
Masjid Nabawi i solnedgang.

Kjelder endre

  1. «Population». Statistical Yearbook 47 (2011). Central Department Of Statistics & Information. Henta 15. november 2013. 
  2. «Masjid Quba' – hajj». Saudi-Arabia: Hajinformation.com. Henta 26. mars 2013. 
  3. Historical value of the Qur'ân and the Ḥadith A.M. Khan
  4. What Everyone Should Know About the Qur'an Ahmed Al-Laithy
  5. The Fourth Holy City
  6. Esposito, John L. (2011). What everyone needs to know about islam. Oxford University Press. s. 25. 
  7. Sandra Mackey's account of her attempt to enter Mecca in Mackey, Sandra (1987). The Saudis: Inside the Desert Kingdom. W. W. Norton & Company. s. 63–64. ISBN 0-393-32417-6. 
  8. Cuddihy, Kathy (2001). An A To Z Of Places And Things Saudi. Stacey International. s. 148. ISBN 1-900988-40-2. 
  9. 9,0 9,1 1954 Encyclopedia Americana, band 18, s. 587, 588
  10. «Place All Pilgrims Must Visit During or After Performing hajj / umrah». Dawntravels.com. Arkivert frå originalen 5. desember 2014. Henta 2. september 2014. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Jewish Encyclopedia Medina
  12. Peters 193
  13. 13,0 13,1 13,2 «Al-Medina». Encyclopaedia of Islam
  14. Muslimske kjelder gjev vanlegvis Himjar-kongane tittelen «tubba».
  15. Guillaume 7–9, Peters 49–50
  16. Subhani, The Message: The Events of the First Year of Migration Arkivert 2012-05-24 ved Wayback Machine.
  17. For alliances, see Guillaume 253
  18. Firestone 118. Peters 116; «Muhammed», «Encyclopaedia of islam»; «Kurayza, Banu», «Encyclopaedia of islam».
  19. The Jews of Arabia. By Lucien Gubbay
  20. Historical Dictionary of the Det osmanske riket
  21. Peters, Francis (1994). Mecca: A Literary History on Muslim Holy Land. PP376-377. Princeton University Press. ISBN 0-691-03267-X
  22. Mohmed Reda Bhacker (1992). Trade and Empire in Muscat and Zanzibar: Roots of British Domination. Routledge Chapman & Hall. P63: Following the plunder of Medina i 1810 'when the Prophet's tomb was opened and its jewels and relics sold and distributed among the Wahhabi soldiery'. P122: the Ottoman Sultan Mahmud II was at last moved to act against such outrage.
  23. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 103. 
  24. Bosworth,C. Edmund: Historic Cities of the islamic World, s. 385
  25. «Madinah Climate Normals 1961–1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 19. desember 2012.  Henta on 24. november 2011.

Bakgrunnsstoff endre

Commons har multimedium som gjeld: Medina
Reiseguide for Medina frå Wikivoyage