AKA Arena
Fotballstadion i Hønefoss
(Omdirigert frå Aka Arena)
AKA Arena er heimebanen til Hønefoss Ballklubb. Banen ligg i Hønefoss idrettspark, som ligg på Schjong. Han vart bygd i 2009 og hadde då ein kapasitet på kring 3500 plasser.
AKA Arena | |||||
Adresse | Ringeriksgata 13, 3510 Hønefoss | ||||
Eigar | Hønefoss stadion A/S, | ||||
Brukarar | Hønefoss Ballklubb | ||||
Underlag | Kunstgras | ||||
Banestorleik | 105x 68 meter | ||||
Kapasitet | 4500 | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
Før debuten i Tippeligaen 2010 fekk dei sett opp ein ekstra tribune som auka kapasiteten til ca. 4500 plasser.[1]
Hovudbanen er lagd med kunstgras med undervarme og kan nyttast til heilårsfotball. Han har flaumlys som tilfredsstiller samtlege av FIFA sine krav til internasjonale kampar med TV-overføring.
Tribuneanlegget blir eigt av Hønefoss stadion A/S, der Hønefoss Ballklubb eig ni prosent.
Den 25. mai 2010 vart det sett ny publikumsrekord med 4256 tilskodarar, i kampen mot Brann. Kampen enda 2-0 til Hønefoss.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «AKA Arena» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Her blir det ekstratribune». Ringerikes Blad.