Akira Kuroiwa
Akira Kuroiwa (fødd 6. september 1961) er ein japansk skeiseløpar frå Gunma som vart verdsmeister i sprint i 1983 og 1987.
Akira Kuroiwa | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 6. september 1961 (63 år) Tsumagoi |
Yrke | skøyteløpar, skøytetrener |
Høgd | 175 centimeter |
Akira Kuroiwa på Commons |
Kuroiwa vart høvesvis nummer seks og åtte i sprint-VM 1981 og 1982. Under sprint-VM 1983 i Helsinki gjekk han heilt til topps, klart framom Pavel Pegov frå Sovjetunionen. I OL-sesongen 1984 enda han på åttande-, niande- og tiandeplass i høvesvis sprint-VM og på 1000 m og 500 m då han deltok i dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo.
Ved sprint-VM 1986 i heimlege Karuizawa vart Kuroiwa tredjemann, men likevel langt bak verdsmeister Igor Zjelesovskij og Dan Jansen. Året etter vann derimot Kuroiwa laurbærkransen då sprintmeisterskapen fann stad i Sainte-Foy i USA, etter ein jamn kamp mot Nick Thometz frå vertslandet.
Vinteren 1988 sikra Kuroiwa seg den olympiske bronsemedaljen på 500 m under Vinter-OL 1988 i Calgary. Han måtte sjå seg slått av Uwe-Jens Mey frå Aust-Tyskland som vann med ny verdsrekord 36,45 sekundar og Jan Ykema fra Nederland, sistnemnde var eitt hundredels sekund framom Kuroiwa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Akira Kuroiwa» frå Wikipedia på nederlandsk, den 1. desember 2016.